Hopp til innhold

Jordbærdyrkarane gir ikkje opp håpet

Regn og låge temperaturar har skapt vanskar for jordbærdyrkarane i Valldal. Men dei nektar å gi opp, og trur framleis på ein god sesong.

Jordbærsesongen i Valldal startar seint i år

Hegelin Waldal i Valldal bærdyrkarlaget håper regnet snart gir seg.

Åkrane i Valldal skulle ha vore fulle av raude jordbær på denne tida, men mykje av bæra er grøn og halvrota. Låge temperaturar og regnet i sommar er årsaka.

– Når vi vaknar om morgonen og det regnar, blir vi deprimerte, seier Hegelin Waldal. Ho er leiar i Valldal bærdyrkarlag.

LES OGSÅ:

Jordbærplukkarane ventar

Dei polske jordbærplukkarane klarer å halde humøret oppe, medan dei ventar på å kome skikkeleg i gang med sesongen. Akkurat no er jobben å rydde vekk jordbær som er øydelagt og ikkje går an å ete. Arbeidsdagane er kortare enn dei ynskjer.

– Vi held oss i aktivitet med å gå på fjellet og dersom vêret er dårleg er vi heime og surfar på nett, seier Marek Gorecki.

Han og dei andre jordbærplukkarane har opplevd sein jordbærsesong før og gir ikkje opp. Også den gongen var det mykje regn i starten av sesongen, men vêret betra seg, og dei tente gode pengar.

Håper at regnet gir seg

At jordbæra kan endre seg raskt frå grøn til raud, veit også Hegelin Waldal.

I åkeren ser Waldal mykje frisk, grøn bær som kan gi peikepinn om ein god sesong dersom nedbøren gir seg. Om to veker reknar bøndene med at salet av Valldalbæra skal kome skikkeleg i gang.

– Alle har lyst å finne litt meir raude bær i åkeren, og få selje den langs vegane. Det er mykje kjekkare å køyre gjennom Valldalen med liv langs vegen, seier Waldal.