NRK Meny
Normal

Jorda rundt 2,5 gongar med hundar

Per Weddegjerde har dei siste åra tilbakelagt ein distanse tilsvarande jorda rundt 2,5 gongar. Under beina har han meiar. Framfor pulken pesar kjæledyra hans.

Torsdag startar det årlige Femundløpet i Røros. Men for hundekjørerane som trener til den utfordinga i vårt fylke har ikkje det vært lett. Mangelen på snø har fått mange til å krysse fylkesgrensa for å få trent nok..

Per Weddegjerde startar torsdag Femundløpet for 18. gong.

Per Weddegjerde frå Skodje og dei 12 hundane hans startar torsdag Femundløpet for 18. gong.

Det betyr 600 kilometer, eller avstanden Ålesund-Oslo, på kortast muleg tid, med lite mat og søvn, utan å gå frå forstanden eller køyre hundane sine for hardt.

– Det blir minimalt med søvn, kanskje to-tre timar på eit døgn, men eg taklar godt nattevak. Eg har ein liten knert heime, ler Weddegjerde.

Ute ei lita veke

Femundløpet startar på Røros torsdag, og tek ei lita veke. Temperaturane ligg ned mot 50 minus, og det er gjerne snøstormar undervegs. Alle må utstyre seg slik at dei kan overleve i 24 timar, dersom vêret set ein stoppar for vidare ferdsel.

Arrangøren skriv sjølv at løpet er "ekstremt utfordrande". Det kan Weddegjerde skrive under på.

– Du kjem i ein slags tilstand. Undervegs tenkjer du at dette skal du aldri gjere igjen, men heldigvis har ein jo selektiv hugs, seier han.

Saka held fram under videoen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Veterinærar passar på

Åtte sjekkpunkt undervegs skal sørgje for at hundane ikkje blir utsette for påkjenningar som er for store for dei. Der står veterinærane klare og undersøkjer kvart dyr. Her får dei firbeinte også mat, massasje, varme teppe og først og fremst søvn.

Hund

Veterinærar skal passe på at hundane ikkje blir for utslitne under Femundløpet.

Foto: Jannicke Farstad

– Vi startar gjerne med 14 hundar, til slutt er det med åtte-ni, og det er veldig akseptabelt, seier Weddegjerde.

Les også:

Jorda rundt 2,5 gongar

Skodje-mannen (57) fekk sin første polarhund for nesten 40 år sidan. Dei siste åra har han tilbakelagt ein distanse med hundane sine, tilsvarande 2,5 gongar rundt jorda. Han har sytten Femundløp og sju Finnmarksløp bak seg, og tallause treningstimar.

– Eg har brukt vanvitig mykje tid på dette, og for folk flest er det uforståeleg. Dei spør stadig kva det kostar. Men det er ingen som spør kva det kostar å ha fire hestar, hundehald er berre ein brøkdel, seier Weddegjerde.

Per Weddegjerde med hundane

Per Weddegjerde seier folk flest ikkje forstår kvifor han driv på med hundeløp. Dei vil gjerne vite kva det kostar.

Foto: Jannicke Farstad

Lite snø i vinter

Snømangelen har skapt store utfordringar både for Per Weddegjerde og andre hundekøyrarar. Den siste tida har han måtte reise til Bjorli for å få nok snø til å trene, likevel har det blitt langt færre mil enn han hadde håpt.

– Det er den mest håplause vinteren vi har hatt. Det har vore heilt vanvitige treningsforhold, vi er klimaflyktningar, seier han.

Les også:

Per Weddegjerde og hundane på tur

Per Weddegjerde har deltatt i 17 Femundløp og 7 Finnmarksløp.

Foto: Janniche Farstad

Håper å kome i mål

Per Weddegjerde har ingen ambisjonar om å klatre til topps på resultatlistene.

Han meiner den snølause vinteren har gjort at austlendingane har store fordelar. Totalt er det meldt på over 200 deltakarar frå ei rekkje nasjonar.

– Det er ein stor bragd berre å kome i mål, dette er ikkje akkurat noko kretsmeisterskap på Ørskogfjellet. Dei kan prøve dei som vil, ler han.