Hoseth kan vere inne på førstelaget igjen alt onsdag.
Profesjonell
Hoseth har vore fast inventar på reservebenken så langt i år, men har tatt utfordringa på ein måte som trenaren set pris på. - Han har vore "pigg" på treningane. Han har vore utruleg profesjonell. Eg forstår korleis han har hatt det. Det har vore tøft for han å ikkje få spele og få spørsmål om dette heile tida. Samstundes har han jobba "jättebra" på treningane heile tida. Han har visst at sjansen skulle kome. Om dette skjer alt på onsdag eller seinare får vi sjå, seier trenar Kjell Jonevret.
"Jättebra"
Trenar Kjell Jonevret er svært godt nøgd med korleis Magne Hoseth har takla motgangen på. - Han har takla dette "jättebra" og er "pigg" og glad. Det var kul for han å få skore mål sist også, seier Jonevret.
Står på
Magne Hoseth med fleire A-landskampar og spel for FC København og Vålerenga har ikkje greidd å spele seg inn på laget i år. Men står hardt på når han kan. - Eg bidreg når eg kjem inn og eg bidreg på trening for at dei andre skal løfte seg. Så får vi sjå når tida mi eventuelt kjem. Den kjem, men når den kjem veit vi ikkje. Eg spelte ein god kamp mot Aalesund. Det er laget som betyr noko, ikkje enkeltspelarar, seier han.
Aldri langt unna
Kjell Jonevret seier Hoseth aldri har vore langt unna ein plass i første 11'aren. - Han har aldri vore langt unna. Samstundes har vi spelt veldig bra på midtbana i Molde. Derfor har eg ikkje funne grunn til å endre på noko. Vi veit vi kan lite på Magne den dagen det trengs, seier Jonevret.