Hopp til innhold

Jon Olav er den andre i rekka frå Ørsta til å vinne Årets Urørt

Merksemda ein får av ein slik pris er viktig for å nå ut til eit større publikum, særleg i dagens musikklandskap, seier tidlegare Urørt-vinnar Runar Gudnason.

Jon Olav Sandal og Runar Gudnason, Årets Urørt
Foto: Ingrid Telset Heltne / Rashid Akrim / NRK

22 åringen Jon Olav Sandal frå Barstadvik i Ørsta, vant Årets Urørt torsdag. Ein pris som har sett fleire norske artistar på kartet. Vinnaren blir lista på P3 sine spelelister, og får spelejobbar på fleire av dei store festivalane i Noreg.

22-åringen frå Ørsta har skapt stort engasjement med den politiske ladde låten, som både sparkar oppover mot makta og tar for seg miljøvern.

Krevjande musikklandskap

I 2004 vann sambygdingane i Side Brok den same prisen. Frontfigur Runar Gudnason påpeikar at det å vinne Årets Urørt fører til at ein får merksemd, noko som er enormt viktig, spesielt i dag.

– I dag er det lettare å gi ut musikken sin. Ein kan lage musikken heime, og legge ut musikk sjølv via Soundcloud og Spotify, men det er vanskelegare å få merksemd rundt musikken enn før, meiner Gudnason.

Jon Olav Sandal

Jon Olav Sandal vann Årets Urørt denne torsdagen

Foto: Privat

Fleire spirer frå området

Side Brok er ein av fleire kjende artistar som kjem frå området Volda og Ørsta. Gudnason seier at musikklivet i området har våre bra heilt sidan han var liten og gjekk på jazzklubb med foreldra sine. Han nemner Egil Olsen og Vassendgutane som eksempel, og legg til at fleire yngre er i ferd med å stikke seg fram, som blant anna Voldabaserte Loui & Lexus.

– Det er ofte slik at når det først har starta, er det lett for at det ballar på seg. Ein ser andre som driv med musikk, og får det til, då blir det ein kultur for det, og ein inspirerer kvarandre. I tillegg er det bra jordsmonn, seier Gudnason og ler.

Side Brok

Bård Lødemel og Runar Gudnason frå Side Brok vann Årets Urørt i 2004.

Foto: Side Brok / Pressefoto

Dagsaktuell på dialekt

Jon Olav syng på dialekt, noko han også har til felles med dei tidlegare vinnarane. Side Brok er kjend for å bruke dialekt og uttrykk frå området. Språkentusiasten Gudnason seier at det er heilt vanleg i hiphop, fordi rap er ei munnleg uttrykksform, men ser likskapstrekk til rap-musikk.

– Jon Olav brukar dialekt, eg synest det er veldig fint, og det funkar veldig bra. Og han har litt til felles med rapptekstar med at han refererer til dagsaktuelle tema, som når han syng “Hei Erna”, seier Gudnason.