Hopp til innhold

Opninga av tunnel blir forseinka - butikkeigarar er skuffa

Opninga av Remetunnelane er forseinka med ein månad. Handelsstanden i Brattvåg fortvilar.

Remmetunnelane blir oppgradert

Remetunnelane har vore trafikkfarleg på grunn av den lave høgda. No er renoveringsarbeidet forseinka.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sidan februar har tunnelane mellom Slyngstad og Brattvåg i Ålesund vore stengt på grunn av renovering. Det betyr omkøyring på rundt 30 minutt.

Det har fått store konsekvensar for butikkane i Brattvåg. Mange har rett og slett droppa å handle der, fordi omvegen er så lang.

– Vi har tapt mykje på den tida det har vore stengt. Mange av kundane våre har ikkje vore på senteret vårt sidan tunnelstenginga, seier Johnny Helland.

Han er dagleg leiar ved Samfjordskvartalet, som har mellom anna klesbutikk, sportsbutikk, apotek og vinmonopol.

Remetunnelane er steng på grunn av renoveringsarbeid

Det er omkøyring på rundt 30 minutt for å kome til Brattvåg på grunn av stengte tunnelar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skuffa over utsettinga

Remetunnelane skulle etter planen opnast 15. juni, men blir stengt ytterlegare ein månad. Helland er skuffa over nyhenda.

– Eg reagerer med vantru. Vi fekk signal om at dei låg godt an og at dei kanskje til og med kunne opne tidlegare, seier Helland.

Butikkeigarane har hatt nedtelling til tunnelopninga, og det same har bedrifter og pendlarane.

– Det er klart at for dei tilsette er det ei stor belastning med omkøyring, seier Helland.

Må frostsikre ekstra

Erlend Opstad er prosjektleiar for oppgradering av Remetunnelane

Erlend Opstad seier det var naudsynt å legge ned eit ekstra arbeid på tunnelane som fører til forseinka opning.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har ansvar for renoveringsarbeidet.

Prosjektleiar Erlend Opstad forstår at folk reagerer.

– Eg kan forstå frustrasjonen og vi synest ikkje dette er kjekt å gjere, men det er heilt naudsynt, seier Opstad.

Under arbeidet med oppgraderinga blei det oppdaga at tunnelane måtte frostsikrast, fordi det dannar seg is om vinteren. Det har ført til at opninga blir forseinka til midten av juli.

Når tunnelane opnar i sommar skal dei vere mykje tryggare å køyre gjennom. Tunnelane har blitt høgare slik at store køyretøy ikkje lenger treng å køyre midt på vegen. I tillegg er det installert meir lys og sidekantar.