Hopp til innhold

Står sist på lista - men vil inn i bystyret

John Erik Åndahl (18) frå Kristiansund Ap håper at han skal få så mange personstemmer at han får plass i bystyret. Der skal han tale ungdomen si sak.

John Erik Åndahl

John Erik Åndahl ynskjer å vere stemma til ungdomen i Kristiansund bystyre.

Foto: Maria Vevang / NRK

Vallogo

– Det er ikkje det at eg er kjempeglad i møter, men eg trur at eg kan gjere ein skilnad og sette unge på agendaen, seier 18 år gamle John Erik Åndahl.

Berre dei to øvste plassane på vallista til Kristiansund Ap er prioritert. Resten står i alfabetisk rekkefølgje. Å heite Åndahl er difor ikkje det beste namnet akkurat i desse valtider. 18-åringen står heilt sist, men han håper at folk vil gi han personstemmer.

– Eg håper at ungdom forstår at det er unge politikarar som veit kvar skoen trykker, seier Åndahl.

LES OGSÅ:

Vil ha fleire bussar

I dag inviterte NRK Møre og Romsdal politikarane til debatt i Ålesund og Åndahl tok buss frå Kristiansund. Han rakk ikkje starten av debatten fordi det ikkje klaffa med bussen.

Det å betre kollektivtransporten er ei av sakene han jobbar for.

– Det går for lite bussar i Møre og Romsdal og det er viktig at bussane har greie prisar for ungdom. Det er enkelt å ta buss og det er miljøvenleg, seier Åndahl.

Han vil også betre skulehelsetenesta og jobbe for å få fleire lærlingplassar i kommunane.

Sanker stemmer

I valkampen brukar han sosiale medium aktivt for å sanke stemmer. Han brukar også friminutta på skulen for å få medelevar til å bruke stemmeretten. 18-åringen har i tillegg stått på stand og gått rundt med roser saman med dei andre frå partiet. Under skulevalet på Atlanten vidaregåande skole, der han sjølv er elev, tok Ap nesten 50 prosent av stemmene. På dagens meiningsmåling i Tidens Krav ser det ikkje like oppløftande ut for Arbeidarpartiet, med 32 prosent av stemmene. Det betyr at partiet kan miste ein tredjedel av representantane i bystyret.

Likevel har 18-åringen trua på at han skal få ein plass i bystyret. Litt skummelt kan det bli saman med politikarane som har vore der i årevis.

– Eg håper at dei er snille med meg, ler Åndahl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL