NRK Meny
Normal

Dette er den nye sjefen for heimevernet

I dag var det sjefsbyte for heimevernet i Møre og Romsdal og Nordfjord. Den nye sjefen går eit utfordrande år i møte.

John Arvid Svindland
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I november blei det sikra vidare drift av HV11 med eit naudskrik. Då blei partia på Stortinget samde om langtidsplanen for Forsvaret. Denne sikra drifta for HV11 ut 2018.

I dag var det både høgtid og festivitas då den nye sjefen for HV11 tok til i arbeidet sitt.

– Det er viktig at vi har dei heimevernsdistrikta som vi skal ha. Det har også Stortinget bestemt. Dette trur eg var ei klok avgjerd, seier John Arvid Svindland, ny sjef for HV11.

Tor Rune Raabye

Sjef for Heimevernet, Tor Rune Raabye.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Per Olav Vaagland

Per Olav Vaagland, avtroppande sjef for HV11.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Svindland seier at den viktigaste oppgåva for HV11 no er å halde fram eit godt samarbeid med totalforsvaret i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Så skal vi også drive trening for å kunne løyse dei oppgåvene vi er pålagde å gjennomføre, seier Svindland.

Det har stått politisk strid om HV11 skulle overleve. Men HV11 er også ei heimevernsavdeling som har fått svært mykje støtte og god omtale.

Svindland tek over eit ordentleg bu. Sjefen som går av har lagt etter seg eit skikka og ordna bu. Denne avdelinga er enkelt å ta over, seier sjef for Heimvernet, Tor Rune Raabye.

No byrjar den nye kvardagen for den nye sjefen. Og mykje kjem til å handle om å vise at HV11 spelar ei viktig rolle i framtida.

– No har han éin konkret jobb. Han skal førebu HV11 på øvinga Trident Juncture 2018. Der skal mesteparten av Nato sine bakkestyrkar gå gjennom HV11 sitt øvingsområde. Det vil gje eit godt høve til at han får øve seg på HV11 sine kjerneoppgåver, nemleg å hjelpe allierte forsterkingar, seier avtroppande sjef for HV11, Per Olav Vaagland.

Heimevernsdistriktet blei berga i fjor. Men berre til 2018. Det er framleis eit spørsmål kva som skjer når dette perioden er ute.

– Dei komande to åra må HV11 vise at distriktet framleis er relevant og at det er ein viktig del av det norske forsvaret. Pr. no finst det eit Stortingsvedtak som seier at Heimevernet skal ha 11 distrikt. Så går det føre seg ei utgreiing som ser på både Hæren og Heimvernet. No er vi spent på resultatet av dette, seier sjef for Heimevernet, Tor Rune Raabye til NRK.