NRK Meny
Normal

John Arne Riise får eliteseriedebuten mot Haugesund

I dag får John Arne Riise etter alle solemerke sin debut i Aafk-drakta i bortekampen mot Haugesund. Det skjer nesten 18 år etter at han forlét moderklubben.

John Arne Riise

I dag spelar John Arne Riise truleg sine første AaFK-kamp på nesten 18 år.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Her kan du høyre kampen på radio:

I dag spelar AaFK sin andre seriekamp borte mot Haugesund. Kampen startar 15.30, og truleg blir det også med John Arne Riise på laget. Men han er truleg ikkje med frå start i Haugesund.

– Nei, det er tvilsamt at han startar, men vi får vurdere kva vi gjer før kampen startar. John Arne har ein litt lengre veg å gå før han er 100 % kampklar, seier AaFK-treberr Trond Fredriksen.

Kampen kan du følgje her:

Laster innhold, vennligst vent..

Forventar ikkje å starte

Den siste veka har Riise jobba med å fininnstille venstrebeinet. Og sjølv om han har fylt 35 år, føler han framleis spenninga før debuten. No er veteranen utolmodig etter å kome i gang.

John Arne Riise ble presentert som Aalesundspiller

John Arne Riise ser fram til å kunne spele for AaFK igjen for første gong på nesten 18 år.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Ja, eg kjenner at det kriblar. Eg gler meg til å kunne bidra, støtte laget og krike. Det er gøy at det no kjem mange kampar framover, så det gler eg meg til, seier fotballspelaren.

Ålesundaren med 110-landskampar for Noreg har ikkje spelt fotball sidan starten av desember, og Riise innrømmer at forma ikkje er heilt på topp.

– Startplass er nok ikkje å håpe på, og det vil eg ikkje heller fordi eg kjenner at forma ikkje er heilt på plass. Men eg kjem kanskje inn i løpet av kampen og kan bidra, seier han.

Laurdag skreiv Riise følgande på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Allsidig spelar

AaFK-trenaren vil så langt ikkje seie noko om kvar på bana Riise kjem til å spele.

Trond Fredriksen

AaFK-trenar Trond Fredriksen vil så langt ikkje seie noko om kvar på bana Riise kjem til å spele.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det som er så fint med John Arne er at vi kan bruke han i mange ulike posisjonar avhengig av om vi skal forvare mål eller score mål. Det kan hende vi plasserer han både på venstresida og på høgresida, seier Fredriksen.

Hovudpersonen sjølv er open for å spele fleire plassar.

– Det blir ei offensiv rolle. Om det blir bak spissen, sentralt på midtbana saman med Bjørn Helge eller på kant det spørst på kven vi møter og kampbiletet. Men det blir ei offensiv rolle, og det ser eg fram til, seier Riise.