Hopp til innhold

Joggar fann større pengebeløp i kveldsmørkret i Molde

Monica Folland trudde kanskje ikkje sine eigne auge, då ho undervegs på joggerunden sin i Molde fann eit større pengebeløp på vegen.

Molde

Monica Folland var aldri i tvil om at ho skulle ringe politiet, då ho tysdag kveld fann ein større pengesum i Langmyrveien.

Det var masse pengar, og dei var jo ikkje mine, så eg tenkte at eg må prøve å hjelpe så dei kan få dei tilbake, seier Folland.

Vil ikkje opplyse om beløpet

Operasjonsleiar Korman Garshol

Operasjonsleiar Korman Garshol er glad for at Monica Folland sa frå til politiet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiet vil ikkje seie eksakt kor stort beløpet er, eller kva for type setlar det er snakk om, for å unngå at folk som ikkje eig pengane, prøvar å gjere krav på dei. Operasjonsleiar Korman Garshol syns Monica Folland gjorde heilt rett.

Det var flott, tenk kor glade dei kan vere, som var så uheldige å misse pengane, seier Garshol.

Såg ein scooter og ein bil

Monica Folland seier ho aldri har opplevd noko slikt. Ho seier ein scooter og ein bil passerte henne rett før ho fann pengane, og ho trur kanskje at pengane kom frå bukselomma til scooter-sjåføren.

Det var jo eit litt merkeleg utfall på joggeturen, ler Folland.

Så langt har ingen meldt frå om at dei har mist pengar i Molde.