NRK Meny
Normal

Jobblause må tenkje alternativt

– Det er ein dramatisk situasjon for ein liten kommune som Midsund når hjørnesteinsbedrifta Midsund Bruk seier opp 30 av 80 tilsette. Mange må tenkje alternativt, seier NAV-leiaren i kommunen.

Sveiser på Midsund Bruk

Om denne sveisaren på Midsund Bruk har jobb etter 1.mai blir ikkje klart før i komande veke.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det merkast godt når ein kommune med berre 2000 innbyggjarar misser 30 arbeidsplassar i industrien. Etter Midsund kommune er dette den største arbeidsplassen i øykommunen i Romsdal.

NAV-leiar Ann Elin Høgset

Få ledige jobbar i Midsund gjer at mange nok må søkje seg ut, seier NAV-leiar Ann Elin Høgset

Foto: Privat

Det blir ei stor utfordring å sysselsetje lokalt desse som missar jobben, seier NAV-leiar Ann Elin Høgset.

Det er få ledige jobbar og høg sysselsetjing i Midsund. Kommunen har berre nokre få arbeidsldige så langt i den nye gruppa ledige frå olje- og offshorenæringane. Dei fleste utan jobb er permitterte.

– No er det ikkje berre permitteringar men rett og slett oppseiingar, og det er meir dramatisk, seier Ann Elin Høgset.

Tett dialog om tiltak

NVA er i tett dialog med Midsund Bruk og vil bistå aktivt når det komande veke blir klart kven som må gå.

– Bruk av tiltaksmidlar internt blir aktuelt for å få til ei god omstilling og endring. NAV vil også gjere det dei kan for å hjelpe den enkelte som missar jobben, seier Høgset.

Midsund fekk vanskar i fjor og måtte permittere, men kom seg gjennom dette og kunne ta inn at alle i arbeid og har hatt god drift.

Men som ei bedrift innan den kriseramma oljenæringa, så sviktar no ordretilgangen og Midsund Bruk må tilpasse arbeidsstokken etter oppdraga.

Les også: Krisa i oljebransjen rammar Midsund Bruk

Mange må gå på Midsund Bruk

Ei skjebneveke neste veke når det blir avgjort kven som må gå på Midsund Bruk

Foto: Gunnar Sandvik

Konkurranse om jobbane

Med den generelle situasjonen som er i arbeidsmarknaden no, så vil personar med den kompetansen dei har i produksjonen på Midsund Bruk, kome ut i sterk konkurranse med andre som alt er ute i arbeidsløyse.

– Fleire må nok bu seg på å søkje arbeid utanfor kommunen.

Fleire må nok også tenke på anna type arbeid enn det dei har hatt, seier NAV-leiar Ann Elin Høgset.

Flere nyheter fra Møre og Romsdal