NRK Meny
Normal

Står klare heile ferien

– Det finst omtrent ikkje eit arrangement der våre frivillige ikkje er på plass, seier nestleder i Møre og Romsdal Røde Kors,Terri Senior.

Travel sommar for Røde Kors

Terri Senior i Ålesund Røde Kors seier Røde kors-foreiningane rundt om i landet vil stå klare for alt sjøl om det er sommarferie.

Foto: Gunhild Vike Nerås / NRK

Ein ting er felles for store og små arrangement i sommarferien. Menn og kvinner i knallraude uniformer og vestar med røde kors på er å finne på monge av tilstellingane.

– Det finst omtrent ikkje eit arrangement der våre frivillige ikkje er på plass, seier Terri Senior i fylkesorganisasjonen Møre og Romsdal Røde kors.

Les og:

Tilbyr aktivitetar

Det er 21 lokallagsforeiningar i Møre og Romsdal, og i desse dagar er alle i sving på festivalar, fotballkampar og på beredskapslistene til politiet i tilfelle leiteaksjonar.

No om sommaren ordnar organisasjonen fleire stader med aktivitetar av ymse slag i tillegg til sanitetsvaktar og leiteaksjonar.

– Lokalforeiningane som har omsorgsavdelingar kjem til å drive med turar for eldre og einsame rundt i lokalsamfunna, hovudsakleg buss, i regi av besøkstenesta. Då får dei komme seg ut på fjelltur eller båttur, og det er eit høgdepunkt for fleire, fortel Senior.

Jamn tilstraum

Sjølv om folk i Røde Kors og har sommarferie, er Senior sikker på at det alltid vil vere nokon som står klar for å hjelpe.

– Vi er ein beredskapsorganisasjon, som betyr at vi står klare 365 dagar i året for å hjelpe andre. Det er alltid nokon som står klar på listene til å rykke ut, sjølv om det er midt i sommarferien.

Påstandar om at det er for få som melder seg som frivillige i fylket, kjenner ho seg ikkje igjen i.

Les og:

– Vi opplev ikkje at vi har vanskeleg for å få rekruttert folk. Det kjem ein stadig straum både til hjelpekorpsa og til omsorgsaktivitetane våre, kor vi ser at folk verkeleg vil gjere noko for lokalsamfunnet.

Til dei som sit og funderer på om dei kanskje skulle starta som frivillig, har Senior følgjande oppfordring:

– Ta for all del kontakt, så skal vi kople til rett lokalforeining.