Hopp til innhold

Jobbekspert om suksessgründarar: – Dei har store øyre

Jobbeksperten meiner gründerane som lukkast har eit fellestrekk: dei har "store øyre" og lyttar til andre. Berre i 2014 blei det etablert nesten 2000 nye bedrifter i Møre og Romsdal.

May Britt Roald
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Valglogo

Jobben til May Britt Roald er å dytte folk i gang med nye bedrifter. Ho seier dei som faktisk tør å gå i gang, har eitt fellestrekk: dei lyttar til andre.

– Dei har store øyre i forhold til å ta imot råd, og samstundes tydelege på kva dei skal tene pengar på, seier ho.

Roald er prosjektleiar i hoppid, som er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, Innovasjon Norge, kommunane og Fylkesmannen.

Les også:

Lover enklere regler for gründerbedrifter

Nådd ei omsetning på nesten 50 millionar

Vidar Aspehaug

Vidar Aspehaug i bedrifta Patogen har opplevd stadig betre omsetning og resultat dei siste åra.

Foto: Maria Kristina Vevang

Vidar Aspehaug er ein av dei som har lukkast. For litt over ti år sidan var han med å etablere bioteknologibedrifta Patogen i Ålesund. I 2014 hadde dei 17 tilsette, ei omsetning på 47 millionar kroner og eit resultat på over ni. Men det har gått i bølgjedalar.

– Det er ingen dans på roser å starte og drive for seg sjølv, men det er svært givande, seier han.

Til tider har dei permittert folk og hatt dårleg råd, men dei siste åra har selskapet levert stadig betre resultat.

Direktesendt valgprogram med Atle Bjurstrøm og Verdens Rikeste Land.

Direktesending frå Ålesund

Nettopp utfordringane med å starte nye bedrifter er eitt av tema under den direktesende valsendinga til NRK på Terminalen i Ålesund måndag kveld. Då møtest politikarar og folk flest for å snakke mellom anna om utfordringane i næringslivet.

Politikarane snakkar og snakkar om gründerar og skattelette og det grøne skiftet. Men samstundes misser folk arbeidet. Kan politikarane meir enn å snakke, undrar programleiarane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL