Hopp til innhold

Jobbar utover kvelden for å finne sjåføren av liten lastebil

Politiet i Herøy jobbar utover kvelden for å finne sjåføren av ein liten lastebil, som truleg køyrde på og forlèt ein ung mann laurdag morgon. Enno har ingen meldt seg.

Politifolk i aksjon i Herøy laurdag kveld

Politiet ber no sjåføren av ulykkesbilen om å melde seg, og seier det er mange som ønskjer svar på kva som skjedde laurdag morgon.

Foto: Roar Strøm

Politiet gjekk laurdag ettermiddag ut og etterlyste sjåførar av ein konkret type liten Volvo lastebil.

Det har ført til at politiet har fått inn mange tips, og no har oppretta eit eige tipsmottak.

Volvo FE lastebil

Det er ein Volvo lastebil av denne typen politiet reknar med har vore involvert i ulykka. Dei har funne lykteglas frå ein slik bil på ulykkesstaden. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Volvo

– Vi har fått inn mange gode og interessante tips, og takkar så mykje for det, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle. Ho understrekar at dei likevel ber om fleire tips, og at dei fortløpande sjekkar desse ut.

Håper sjåføren melder seg

Grete Hjelle

Etterforskingsleiar Grete Hjelle seier dei arbeider utover kvelden og natta så lenge dei har konkrete tips å gå etter.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Håpet er at tipsa skal føre til at dei finn ut kven som kan ha køyrt på og forlate ein 26-åring laurdag morgon – eller at sjåføren melder seg sjølv.

– Vi håper sjølvsagt at ein person som har vore involvert i noko slikt, melder seg. Det er fleire som vil ha svar på kva som skjedde, ikkje minst dei pårørande, seier Hjelle laurdag kveld. Ho seier mannen framleis ligg i koma og er hardt skadd.

Blei funnen laurdag morgon

Laurdag morgon blei ein ung mann funnen alvorleg skadd i vegkanten på fylkesveg 654 i Herøy, og politiet seier mykje tyder på at han er påkøyrt.

Etter det NRK kjenner til skal mannen ha vore på fest i Fosnavågen tidlegare på natta, og saman med kameratar reist vidare til Røyra på morgonkvisten. Etter kort tid skal mannen ha forlate selskapet, og like etter klokka sju blei 26-åringen altså funnen i vegkanten like ved.

Ikkje aktuelt å be Kripos om hjelp

Politifolka har ein liten pause

Politiet har sett inn store ressursar på å finne kven som køyrde på ein mann i Herøy laurdag morgon. Her samlar etterforskingsleiar Grete Hjelle troppene.

Foto: Roar Strøm

Det er førebels ikkje aktuelt å be Kripos om hjelp for å finne den aktuelle sjåføren. Politiet har arbeidd heile laurdag med å avhøyre vitne, sjekke tips og gjennomføre rundspørjingar. No ber dei også butikkeigarar i området om hjelp, etter at dei fann lykteglas frå ein Volvo lastebil på ulykkesstaden.

– Vi ber også butikkar som hadde vareleveringar laurdag morgon om å melde frå, seier Hjelle.

– Men kor vanskeleg kan det vere å finne den aktuelle sjåføren, når de veit eksakt kva for bil som truleg er involvert?

– Det er mange slike bilar i området, og det er ikkje sikkert han er heimehøyrande her, seier ho.