– I 1869 var det ei forferdeleg ulukke her ute og då søkte dei om å få setje opp eit fyr.
Geir Håkon Austnes står på toppen av Ulla fyr, heilt yttarst på Haramsøya på Sunnmøre, og peikar utover havet. Han fortel engasjert om historia til fyret, medan tilsette ved skulekontoret i Haram følgjer nøye med på omvisinga.
Austnes er med i velforeininga Ullafyrets venner, som sidan 2002 har jobba på dugnad for å ta vare på fyrstasjonen på Kvernholmen på Haramsøya. I tillegg arrangerer dei også omvisingar på fyret
– Hensikta var å ta vare på, og kanskje også gjere det litt betre her ute. Det har den same gjengen heldt på med i 14–15 år no, seier han.
Viktig del av kystkulturen
Sjølve fyret er det Kystverket som eig og driftar, medan Ullafyrets venner tek seg av fyrstasjonen og området rundt. Slik er det også fleire andre stadar i landet.
– Vi synest det er veldig positivt at frivillige organisasjonar står på og gjer desse områda tilgjengelege for folk flest, seier Hilde Andresen, avdelingsleiar ved senter for eigedom og kystkultur i Kystverket.
Kystverket eig 114 av fyra langs kysten, og samarbeider tett med velforeiningar og organisasjonar nasjonalt og lokalt. Velforeiningane gjer det meste av vedlikehaldsarbeidet på fyra og ved fyrstasjonane på dugnad.
83 av fyra langs norskekysten er freda og Kystverket eig 68 av desse. Andresen rosar innsatsen til dei frivillige.
– Det er eit veldig flott eksempel på den norske dugnadsånda. Det er eit felles løft for å ta vare på kulturen langs kysten, og det er viktig at dei som gjer dette er interessert i fyrhistoria, og å formidle den.
Jobbar for å bevare historia
Austnes har vore med sidan starten, og alt arbeidet blir gjort på dugnad av gjengen i Ullafyrets venner.
– Det er vêrhardt her ute, så det er mykje å gjere på utsida. I tillegg har vi ein del trafikk og då blir det også mykje å gjere på innsida også, så det er alltid noko å gjere, seier han.
Men sjølv om det er mykje arbeid synest Austnes at det er verdt det.
– Vi er veldig glad i denne stasjonen og kystkulturen. Dette er ein viktig del av kystkulturen og noko som mange av oss har vakse opp med.
– Å ta vare på dette er veldig viktig for oss, og vi prøver så godt vi kan å halde det ved like. Ein kan kalle det idealisme, for vi har ikkje noko igjen for det. Det er kjekt, men det er mykje arbeid, seier han.