Hopp til innhold

Jobbar for betre beredskap

– Eit stort fjellskred innst i Storfjorden stiller enorme krav til beredskap, evakuering og samordning av ressursar. Det seier ordførar i Norddal og styremedlem i Åknes/Tafjord beredskap, Arne Sandnes. Til no har det vore fokus på varslingsrutiner, men no vil departementet gå vidare. Beredskapsansvarleg Hilde Brandshaug Vikås seier ein må sjå korleis det blir ved ei langvarig evakuering og etter at det har gått skred.

Hilde Brandshaug Vikås og Arne Sandnes
Foto: Trond Vestre / NRK