Hopp til innhold

Jobba hos Mor Teresa: – Eg tenker stadig på henne

Inst i Hjørunfjorden vekker det særleg stor glede at nonna Mor Teresa i dag blei kåra til helgen. Nonna via livet sitt for å hjelpe fattige i India.

Irene Viddal Røed jobba for Mor Teresa

Irene Viddal Røed gløymer aldri tida ho var i India og jobba for Mor Teresa, no Santa Teresa.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Eg har i grunnen alltid sett på Mor Teresa som ein helgen. Og kven andre skulle bli helgen enn henne, spør Irene Viddal Røed frå Viddal.

Frå godstolen i sommarhuset på Leira studerer ho eigne bilde frå tida då ho sjølv var med og hjelpte Mor Teresa i arbeidet mellom dei aller fattigaste i slummen i Calcutta i India. Byen heiter i dag Kolata, og har meir enn 14 millionar innbyggarar.

Irene markerer sjølv den høgtidlege kåring av den nye helgenen i Roma, ved å tenne to lys framfor bilete ho har ståande av Santa Teresa.

Lys for Mor Teresa

To tende lys markerer den nye helgenen Santa Teresa i stova til Irene.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fredsprisen ga mot

Det er vel 30 år sidan den nyutdanna, unge barnepleiaren frå den vesle bygda Viddal inst i Hjørundfjorden tok permisjon frå jobben ved føde-og barselavdelinga ved sjukehuse i Ålesund, og drog som frivillig til ein av barneheimane Mor Teresa dreiv i storbyen Calcutta.

– Mor Teresa kom til Oslo for å ta imot Nobels Fredspris. Ho kom i den kvite og blå nonnedrakta si, og eg trur ho berre hadde sandalar på føtene. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på meg, fortel Irene.

Mor Teresas fredspristale fra 1979

Mor Teresa under takketalen etter at ho i 1979 fekkNobels Fredspris i Oslo.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Tv-bilda frå utdelinga saman med talen den audmjuke, velse dama heldt, sette mot i ungjenta.

– Eg sette igang og sparte pengar til turen. Sjukhuset i Ålesund var velvillig og ga meg permisjon, og eg kom meg avstad, minnest ho.

Gråte to gongar

Irene vedgår at ho var modig, men at det var eit sjokk å kome til slummen i storbyen på andre sida av jorda.

Mor Teresa og nonne-ordenen ho hadde grunnlagt, gjorde ein imponerande innsats for både barn og eldre. Dei dreiv fleire barneheimar og eigne heimar for eldre, døyande fattige.

Irene Viddal Røed i Calcutta

Irene hadde hendene fulle med foreldrelause barn på barneheimen Mor Teresa og nonnene dreiv i Calcutta.

Foto: PRIVAT

– Nonnene brukte å seie at vi nykomarane gret to gonger; den dagen vi kom av sjokket, og den dagen vi reiste av sorg over å måtte dra. Og dei hadde rett, seier Irene.

Barneheimen ho arbeidde på hadde 45 barn som budde på eitt rom. Dei største låg på matter på golvet, medan dei nyfødde hadde senger. Rommet samanliknar ho med ein gamaldags, norsk vaskekjellar med murgolv.

Klapp av Mor Teresa

Den pensjonerte barnepleiaren frå Viddal hugsar godt då ho møtte Mor Teresa første gongen. Då stod alle dei frivillige på rekke og rad, og gjekk fram for å helse på henne som også blei kalla Engelen frå Calcutta.

Med seg hadde Irene helsing frå misjonær Olav Hodne. Han hadde då drive eit omfattande arbeid med mellom andre flyktningar og gatefolk i Calcutta, men var no tilbake i Noreg.

Mor Teresa

Mor Teresa snakkar til nonnene i ordenen hennar i Calcutta.

Foto: IRENE VIDDAL RØED

– Mor Teresa tok meg i handa, eg helsa og sa eg kom frå Noreg, og hadde med helsing frå Hodne. Då klappa ho meg på skuldra, smilte og sa eg måtte helse han, smiler Irene.

30 år etter opphalde i India, seier Irene at ho stadig tenker på tida hos Mor Teresa.

– Sjølv slikte ho lite oppstyr om eigen person. Somme knelte når dei helste på henne. Då tok ho dei i kragen og drog dei opp att! Ho var audmjuk og meinte Gud stod bak alt. Ho sa ofte at den verste "sjukdomen" nokon kunne ha, var å kjenne seg uønskt.

Sjølv har ho blitt eit ikon for svært mange. Ho har sett djupe spor etter seg i kampen mot fattigdom og undertrykking. Og i dag blei ho også helgen for heile den katolske verda, med namnet Santa Teresa.