Hopp til innhold

Jettegryta blir berga

Vegvesenet vil ta vare på jettegryta på Bjørke - tunnelopninga blir flytta 10 meter.

Jettegryte på Bjørke

Jettegryta på Bjørke

Foto: Perry Bjørke

I desember blei det funne ei jettegryte under arbeid med tunnelen mellom Bjørke og Leira i Hjørundfjorden. Jettegryta ligg akkurat der tunnelinnslaget på Bjørke skal vere. Ho er 6 meter djup og 8 meter på det breiaste.

Les også:

Naturfenomen fra istida

Fann jettegryte under vegarbeid

Bør jettegryta vernes?

Tunnelopninga blir flytta

Skulle jettegryta bergast, måtte tunnelopninga flyttast. Og Statens vegvesen ønskjer no å flytte opninga 10 meter lenger mot sør. Det har vore stort engasjement rundt dette naturfenomenet som stammar frå istida, og lokale forkjemparar og ekspertar på området har stått på for å berge jettegryta.

No er det starta nytt reguleringsplanarbeid, men arbeidet med tunnelen går som normalt, og Vegvesenet har komme 500 meter inn i tunnelen som skal bli nesten 2 km lang. Gjennomslaget er venta til sommeren, men Vegvesenet må i mellomtida bli samd med en grunneigar som synest tunnelen kjem litt for nær gardstunet sitt.

Turistattraksjon

Det er kome fleire fråsegner om at denne jettegryta er spesiell, bl. a. frå Noregs geologiske undersøking. Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen seier at jettegryta no blir liggjande godt plassert i forhold til vegen, og at forholda ligg godt til rette for at ho skal bli ein turistattraksjon.