Hopp til innhold

Jetfly tek over

Frå no av skal SAS berre bruke jetfly mellom Vigra og Trondheim/Bergen. Tidlegare har det blitt brukt eit propellfly på alle avgangane til Trondheim og dei fleste avgangane til Bergen, melder Avinor.

Fram til mai skal det brukast Boeing 737. Frå mai skal City Jet flyge ruta for SAS med eit CRJ900. Det er same flytype som SAS brukte på ruta mellom Ålesund og København.

SAS på Vigra
Foto: Avinor