NRK Meny
Normal

Jentene vil forsvare oss

Ein tredel av dei som er inne til førstegongsteneste er no kvinner.

Sesjon

På sesjonen på Setnesmoen er det like mange kvinner som menn.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På Setnesmoen i Rauma er sesjonen i gang. Ungdommane går gjennom både teoretiske og fysiske testar, og jentene blir fleire og fleire. Når NRK er til stades blir uthaldenheita testa på tredemølle.

Knuser gutane

Tredemølla er eitt av apparata som skal teste uthaldenheita til dei som vil inn i millitæret. Karen Johanne Hovde Vollsund held det gåande i 12 minutt, og knuser gutane på kondisjonstesten. No leikar ho med tanken om å byrje i Forsvaret.

– Eg har vore litt usikker til no, men har blitt litt oppildna etter å ha vore her i dag. Det verkar interessant. Det verkar som du kan få mykje tilbake for det du gjer.

Sesjon

Solvår Skår og Matilde Torvanger frå Syvde er på sesjon saman med Karen Johanne Hovde Vollsund frå Ørsta.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Bra for Forsvaret

At jentene no utgjer ein tredel av dei som er inne til førstegongsteneste meiner ho er utelukkande positivt.

Sesjon

Gutane får konkurranse. Christian Hoel Rambjør frå Kristiansund greidde seg bra på testane, men fekk sterk konkurranse frå jentene på kondistesten.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det er veldig bra. Eg trur jentene kan ha godt av det. Og det er bra for Forsvaret at det ikkje berre er gutar der.

– Men greier kvinner å forsvare landet like godt som menn?

– Vi er kanskje litt snillare og reddare, seier ho og ler. Men når vi først kjem inn i Forsvaret, så gjer vi ein god jobb.

– Eit anna miljø

Ein som er glad for å få med fleire jenter er sesjonsoffiser Alexander Moen. Han er den som gjennomfører testane.

Sesjon

Sesjonsoffiser Alexander Moen opplever det positivt at kvinnene utgjer ein større del av Forsvaret.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi opplever det positivt. Det blir eit anna miljø enn det var før.

– Har vi eit betre forsvar når det blir fleire representantar for «det svake kjønn»?

– Det er nok ikkje jentene som held oss tilbake, seier han. Og kommanderer ungdommane til apparatet for å teste brystpress og beinpress.