NRK Meny
Normal

Drøymde om å bli modell, og ville ha fine bilete

I Sunnmøre tingrett fortalde fleire unge jenter om si kontakt med «hobbyfotografen» frå Ålesund. Fotografen står tiltalt for overgrep, og for å ha teke seksualiserte bilete av barn.

Ferstad Loe

Bistandsadvokat Mette Loe og aktor Inger Myklebust Ferstad.

Foto: Terje Reite / NRK

Ei av jentene fortalde at ho drøymde om å bli modell. Ho og venninnene hadde leika med spegelreflekskamera, og hadde teke bilete av kvarandre. No ville ho ha meir profesjonelle bilete.

Resultatet blei blant anna bilete ho helst ikkje ville vise fram. Foreldra fekk slett ikkje sjå alle bileta.

– Dette blei bilete mødrer helst ikkje vil sjå. Og eg ville ikkje vise alle bileta til mor mi heller, fortalde ei av jentene i Sunnmøre tingrett tysdag.

Ei av jentene hadde med seg mor si til fotograferinga. Jenta opplevde to forskjellige stemningar under fotograferinga, når mor hennar var der og når mora var ute.

Mens mor var der tok eg fine bilete, der eg sto og smilte med mine eigne klede på. Men dei andre bileta ville eg ikkje vise mor mi, forklarte ho. Ho la til at ho opplevde situasjonen som ekkel, at ho ikkje ville bli fotografert mens ho sto på alle fire, og at ho fekk ei kjensle av at ho ikkje kunne seie nei.

Reiste med venninner

Jentene ser ut til å ha kome i kontakt med fotografen på ulikt vis. Ofte har dei kome i kontakt med fotografen via venninner og sosiale medium. Særleg Facebook ser ut til å ha spelt ei vesentleg rolle.

– Eg reiste dit saman med ei venninne. Ho hadde vore hos fotografen før, og skulle dit igjen. Men ho ville ikkje reise åleine, så eg blei med. Begge skulle fotograferast, og det skulle vere gratis, fortalde ei av jentene.

Byrja uskuldig

Fleire jenter forklarte at fotografen henta dei på eitt av hotella i Ålesund. Så blei dei køyrde i bil til fotostudioet. I byrjinga handla det om uskuldige bilete i vanlege klede. Etter kvart kom forslaga om utfordrande klede, og ein stil i fotosesjonen som la opp til fotografering med seksuelt preg.

– Eg hadde med meg nokre fine klede, men etter kvart foreslo han latex-klede, parykkar og høge sko. Vi skulle sjå mest mogleg sexy ut, og stå på bestemte måtar, gjerne med spreidde bein, sa ei av jentene.

– Sa du nei til forslaga som fotografen kom med, spurte aktor?

– Nei, eg turte ikkje. Eg er på ein måte sjenert. Men eg tenkte at det ikkje er normalt for ei så ung jente å bli fotografert på denne måten, sa jenta.

– Hadde lyst til å gå

Jenta forklarte at ho ikkje hadde vore i ein liknande situasjon med ein vaksen mann før, i det ho skildra korleis samtalane med mannen tok ei vending om meir sexprat. Ho hevda at fotografen prata om kjønnsorgan.

Då hadde eg mest lyst til å gå. Eg pakka saman sakene mine og ville ha med meg venninna mi vekk derifrå, forklarte jenta.

– Blei meir vågalt

Ei av jentene forklarte at ho og venninnene ville ta venninnebilete hos fotografen. Dei skulle få bileta gratis mot at fotografen fekk bruke nokre av bileta på nettsida si. Jenta hevda at fotografen ville ta stadig meir vågale bilete.

– Han ville ta bileta i undertøy og latetx-klede. Vi gjekk til slutt med på det, forklarte ho.

– Utgav seg for å vere onkel

Ei av jentene forklarte også at fotografen ved eitt høve «klådde» på henne. Dei hadde møtt fotografen ute på byen. Han foreslo at jentene skulle få overnatte i fotostudioet hans. Jenta hevda at det blei røykt hasj, og at det var vanskeleg å hugse i detalj kva som skjedde.

– Vi lét som om vi sov, og trudde han skjønte at vi ikkje var interessert i noko. Han var pågåande, forklarte jenta. Ho fortalde også om ein episode der fotografen troppa opp på skulen hennar, og hadde forklart skuleleiinga at han var onkelen hennar. Fotografen har avvist at han gav seg ut for å vere nokon annan enn den han er.

Etter denne episoden ville desse jentene ikkje ha meir med fotografen å gjere. Dei stoppa dermed å svare på meldingar og telefonar frå han. Då dei braut kontakten, sende fotografen, ifølgje jenta, rekning på bileta han hadde teke av dei.