Jente får behandling etter ulykke

Naudetatane er no framme ved ei trafikkulykke mellom ein bil og ein syklist ved Furland i Vestnes. Ei jente som var på sykkelen blir behandla av ambulansepersonell. Skadeomfang er ukjent, men ho skal ifølgje politiet vere våken. Bilisten skal vere uskadd. Det er trafikale utfordringar på staden, og trafikken blir dirigert av politiet.