Hopp til innhold

Jenny er spent og stressa før Les Misérables

Jenny Langlo frå Stordal har ei av hovudrollene i musikalen Les Misérables i Oslo. Fredag er det premiere og Langlo kjenner det i kroppen.

Jenny Langlo

Jenny Langlo skal stå scena i musikalen Les Misérables på Folketeateret i Oslo.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Les Misérables eller De elendige vert karakterisert som verdas største og mest populære musikal. Jenny Langlo spelar rolla som Cosette, den foreldrelause jenta som vert bortadoptert.

Dagen før premieren på Folketeateret i Oslo, er Langlo litt nervøs.

– Eg er mest spent og litt stressa. Heldigvis er eg ikkje redd eller nervøs, seier Langlo. Artisten frå Stordal vart landskjend i 2011 då ho vann Idol. Sidan den tid har ho gitt ut fleire låtar.

Turte ikkje drøyme om rolla

For henne er det spesielt å få stå på scena. Musikalen har vore favoritten i store delar av livet hennar. Ho har sett den i London tre gongar, men kunne ikkje i sin villaste fantasi tenkje at ho ein dag skulle vere med i musikalen sjølv.

– Det er ein enorm draum å få lov å spele i den. Eg har ikkje turt å drøyme om det ein gong, seier Langlo. Ho vart invitert på audition og tenkte at det berre var fem prosent sjanse for at ho skulle få tilbodet.

Har leita i sjela

Den opphavlege musikalen vart sett opp i Paris i 1981. Etter den tid har den blitt framført i tallause versjonar og sett av 70 millionar. Langlo trur publikum skal få ei heilt ny oppleving fordi regissør Per Olav Sørensen har vinkla musikalen på ein heilt ny måte.

– Vi har jobba mykje med karakterane og korleis historia skal formidlast på ein litt djupare måte enn den brukar. Det er meir spel og detaljar på scena, meiner Langlo.

Sjølv om ho har fått mykje hjelp til å utvikle sin karakter, har ho måtte ransaka si eiga sjel for å finne Cosette.

På scena står det ei blanding av skodespelarar, songarar og popartistar. Marion Ravn, Haddy Njie og Håvard Bakke er blant namna.

– Eg synest at det er litt tøft at Scenekvelder, som sett opp musikalen, tør å gå litt andre vegar, seier Langlo.