Hopp til innhold

Jegerar måtte anonymiserast etter hetsing

Fleire av jegerane som deltok på jervejakt i Geirangerområdet vart sjikanert og utsett for ufine kommentarar. Norges Jeger- og Fiskerforbund valde difor å anonymisere namnelistene over jegerane sine.

Sau angrepet av jerv

MASSEDRAP: Lisensjakta vart sett i gang for å unngå at bøndene møter dette synet igjen. Over 300 sauer vart sakna etter førre beitesesong i Norddal og Stranda. Vel 100 vart dokumentert som jervedrap.

Foto: Bjørn Helge Rønneberg

Bjørn Helge Rønneberg på gårdstunet

Bjørn Helge Rønneberg er sauebonde og leiar i viltnemnda.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

– Det har vore ein del hetsing av jegerar som har sett seg opp på listene våre, av folk som ikkje har greie på kva vi held på med. Det synest eg er heilt forkasteleg, seier Bjørn Helge Rønneberg.

Han er sauebonde og leiar i viltnemnda i Norddal. Lista han snakkar om er ein kalender som viser kven som har lov til å jakte på dei ulike datoane.

Lisensjakta på jerv var over natt til fredag 16. februar, men utan at ein einaste av dei fire jervane som kunne skytast vart skotne.

Store sauetap

Massedrap av sau i 2017 gjorde at Naturoppsynet tillét jervejakt i Eidsdal/Norddal og Geirangerområdet for å regulere bestanden.

Arne Sandnes

Arne Sandnes meiner at gjengroing truar kulturlandskapet i Geiranger.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Målet var å unngå fleire drepne sauer og å trygge beiteområda. Fylkesmannen gav også pengar til Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJJF) for å drive jakt.

Jervejakta har gått føre seg i verdsarvområda rundt Geirangerfjorden. Området er på UNESCO si verdsarvliste. I ein kommentar i Sunnmørsposten skriv Arne Sandnes, leiar i verdsarvrådet, at gjengroing truar kulturlandskapet i Geiranger.

– Det er viktig at området ikkje gror att. Mange sauer på beite hindrar attgroing, meiner han.

Gjer jobben sin, men får kjeft

Bjørn Helge Rønneberg inspiserer åtet

Bjørn Helge Rønneberg meiner hetsinga er forkasteleg.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

– Det er ikkje bra at jegerane som ville komme hit og jakte blir hetsa på arbeid og i fritida, fordi dei stiller seg på lista og vil jakte, seier Rønneberg.

NJFF i Møre og Romsdal valde difor å anonymisere lista etter hetsing. Jegerane opplevde det som ei belastning at dei stod med fulle namn i kalenderen.

Håvard Wiggen, friluftsrettleiar i NJFF Møre og Romsdal, stadfestar i ein sms til NRK at jegerar har fått ufine kommentarar. Det skal ikkje vere snakk om truslar, men NJFF har likevel valt å berre ha fornamn på jegerane i oversiktskalenderen.

– Dei som har synspunkt kan ta det direkte med oss, seier Wiggen.