NRK Meny
Normal

Jeger henta ned frå fjellet i Ørsta

Ein jegar blei laurdag kveld henta ned frå fjellet Årsnesegga i Ørsta med helikopter.

Laster kart, vennligst vent...

Ein jegar blir henta ut med helikopter frå toppen av Årsnesegga.

I følgje Hovudredningssentralen for Sør-Norge er jegeren ikkje skadd.

–Han ringde sjølv til politiet og melde frå om at han ikkje kunne gå vidare, det seier operasjonsleiar Andreas Bull ved HRS til NRK.

Ville tatt for lang tid å ta seg opp

Politiet og Hovudredningssentralen beslutta å hente han ned med helikopter, fordi det ville tatt for lang tid å sende folk opp til toppen av fjellet.

- Han befinn seg om lag 900 meter oppe, på toppen av fjellet. Det er ingenting over han, så redningsmannskapet ser dette som ein relativt ukomplisert operasjon, seier Bull.

Henta trygt ned

Like etter klokka 19 fortalde Hovudredningssentralen på twitter at mannen var henta trygt ned.