Professor: – Ei utruleg historie om gratis reklame

Jeanette Aurdal frå Ålesund har gjort suksess med gåveartiklar i tre. Mykje takka vere gratis PR frå den britiske kongefamilien, og eit instagram-fenomen på Sunnmøre.

Jeanette Aurdal svingar seg i huska på Trandal.

TRANDAL: Jeanette Aurdal svingar seg i huska som ho laga og sende til Trandal.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Vegen frå ein kvardag i finansdistriktet City of London – til ein barndomsdraum om å bli snikkar – verka lang.

Men då Jeanette Aurdal og familien flytta til den engelske landsbygda, tok ho opp trearbeid som ein hobby.

Hobbyen blei til ein arbeidsplass, og no har ho tolv tilsette som lagar produkt av eik – til kundar som betalar godt.

For nokre år sidan fekk ho sjå bilde av ei spesiell huske på Sunnmøre.

Aurdal forelska seg i bildet. På impuls laga ho ei huske i eik, og sende til garden i Noreg med det spesielle fotomotivet. Det blei ein suksess.

Som løn for gåva har The Oak & Rope Company fått spreidd tusenvis av bilde der personar sit på deira produkt, med ein ikonisk norsk fjord som bakgrunn.

Denne veka var Jeanette Aurdal på Trandal for å sjå staden med eigne auge.

– Det er fantastisk å sjå den att. Eg har sett så mange bilde at eg føler eg har vore her mange gongar. Dette er mi nest mest kjente huske, seier Aurdal.

Jeanette Aurdal, Daniel Storeide og Lenita Storeide på Trandal. Ser på huske.

EIKEFJØL: Aurdal inspiserer huska.

Foto: PER-IVAR KVASLVIK / NRK

Kongeleg draghjelp

– På den mest kjende står det «William & Katherine», seier Aurdal og smiler.

I 2011 kjøpte prins Charles av Storbritannia ei huske i bryllaupsgåve til sin eldste son.

– Vi har fleire kjende kundar, men kundelista er privat. Ingen fekk vite om den bestillinga.

Og slik var det i fleire år, heilt til sonen til William og Kate var blitt tre år. På dei offisielle fødselsdagsportretta sto prins George på ei huske – frå The Oak & Rope Company.

Prince George, who celebrates his third birthday today. The picture was taken at the family's Norfolk home in mid-July
Prince George, Norfolk, Britain - Jul 2016

KONGELEG HUSKE: Prins George er nummer tre i arverekkja til den britiske trona. Dette portrettbildet blei publisert i samband med treårsdagen til prinsen.

Foto: Matt Porteous / REX

– Utruleg marknadsføring

Tor W. Andreassen, professor i innovasjon ved Noregs handelshøgskole, omtalar situasjonen som ei utruleg historie om gratis reklame.

– Her har du produktplassering hos den britiske kongefamilien. Dei er det øvste toppsjikt av kjendisar i verda. I tillegg har dei denne staden på Vestlandet som har gått viralt på nettet. Det er vanskeleg å sette ein verdi på gratisreklamen dei har fått. Det er snakk om millionar av pund. Dei har hatt veldig flaks, samstundes har dei vore smarte, seier Andreassen.

Tor W. Andreassen

PROFESSOR: Tor Wallin Andreassen underviser i marknadsføring og er professor i innovasjon ved NHH.

Foto: NHH

Andreassen peikar på at om Aurdal hadde marknadsført aggressivt at det britiske kongehuset var kundar hos dei, så ville nok kongefamilien følt seg utnytta i kommersiell samanheng, og ikkje nytta huska i eit familiebilde.

– Dempa marknadsføring er alltid den beste. Det verkar eksklusivt, seier Andreassen.

Utsal i Noreg

På den veglause bygda Trandal har merksemda rundt huska vore viktig for å trekkje folk til reiselivsbedrifta Christian Gaard.

– Folk kjem hit eins ærend for å ta bilde, seier Lenita Storeide.

Kanskje vert det òg sal av britiske treprodukt her. Praten går fort over på korleis dei kan utvikle samarbeidet.

– Eg ser for meg skiltet på veggen her, like ved huska; «The Oak & Rope Company». Perfekt stad for ein liten butikk, seier Aurdal.

Jeanette Aurdal på Christian Gaard på Trandal, med Daniel og Lenita Storeide.

VINN-VINN: Huska på Trandal har gjeve mykje merksemd for både reiselivsverksemda Christian Gaard og The Oak & Rope Company

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK