Jan Ole Otnæs.
Blir sett pris på
Jazzfestivalen får ein million kroner meir enn i fjor, og endar opp med nærare sju millionar i tilskot.
– Vi er forferdeleg glade, seier Otnæs.
Han meiner Jazzfestivalen no er komen opp på nivå med andre knutepunkt-institusjonar og tek det som eit uttrykk for at den jobben festivalen har gjort blir sett pris på.
Gjeldfri
Festivalen blir no gjeldfri frå årsskiftet, og kan starte med nye, blanke ark økonomisk. Det er Otnæs naturleg nok svært godt fornøgd med.