Hopp til innhold

Etter 46 år med jazzcamp er det slutt - i alle fall enn så lenge

– Eg haika frå Mo i Rana, og overnatta på jazzcampen. Den gongen var det ikkje mange andre moglegheiter, og vi hadde heller ikkje råda til noko anna.

Jazzcamp 70-talet

FOLKELIV: Jazzcampen, på campingplassen på Kvam, har levd sidan 1965. No er det derimot stopp – for no.

Foto: Arkiv / NRK

Jan Ole Otnæs

MIMRAR: Festivalsjef for Moldejazz, Jan Ole Otnæs, viser stolt fram billetten til jazzcamp i 1972.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Festivalsjef for Moldejazz sidan 2001, Jan Ole Otnæs, har mange gode minne frå campingplassen på Kvam – tre kilometer utanfor Molde sentrum.

I 1971, då Otnæs var inne i sitt 20 år, reiste han til Moldejazz for første gong. Det gjorde han i 1972 også, og jazzentusiasten har framleis campbilletten frå festivalbesøk nummer to.

– Eg hadde telt nummer fem ute på campen, mimrar Otnæs, som haika heile vegen frå Mo i Rana til Molde.

Moldejazz blei starta opp i 1961, og i 1964 vart det gjort forsøk på å starte opp festivalcamp. Enorm mangel på soveplass var sjølvsagt grunnen.

Oppstarten skjedde derimot ikkje før i 1965, då den tradisjonsrike og historiske «jazzcampen» såg lyset på Kvam.

– Eg hugsar det første året mitt på jazzcampen som heilt fantastisk. Det andre året regna det heile tida, så det var forferdeleg, men det var eit godt miljø og det var utruleg hyggjeleg å vere der ute, seier Otnæs.

(Saka held fram under bildet)

Jazzcamp

FESTIVALSTEMNING: Ein festivalgjengar sløkkjer tørsten med (det som ser ut som) mjølk. Bildet er frå jazzcampen sine tidlege dagar.

Foto: Arkiv / NRK

– Det låg ein idealisme i botnen

Arnar Lyche

MANGE MINNE: Arnar Lyche har mange gode minne frå dei par tiåra han og ein vennegjeng dreiv jazzcampen – i stordomstida på 70-, 80- og 90-talet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Otnæs er ikkje åleine om å ha gode mine frå jazzcampen. Arnar Lyche frå Molde var i mange tiår med som drivar av campen.

– Det hadde vel utspring i tensingmiljøet i Molde på 70-talet. Vi var ein stor gjeng som samlast og gjorde dette, og vi haldt saman gjennom mange år. Målet med det heile var at overskotet skulle gå til veldedige formål.

– Så det låg ein idealisme i botnen, fortel Lyche.

Han og vennegjengen dreiv jazzcampen i stordomstida på 70-, 80- og 90-talet.

– Det var heilt fantastisk. Folk var i feststemning og folk var opptekne av musikken. Dei siste året vi dreiv campen, i 2000, var då Buena Vista spelte i Molde fredagen.

– Den kvelden flomma det over med folk, på alle jorde og ute på nabojorda. Det var første gongen i jazzcampen si historie at vi måtte seie at «no er det fullt, vi har ikkje plass til fleire», smiler Lyche.

100.000 i overskot

Lyche fortel om jobbar som vanlegvis er «dritjobbar», men som på jazzcampen blei nærmast kjekke.

– Det er ganske rart. Å vaske do, plukke søppel og selje pølser til langt på natt ... Når ein er saman, og har eit felles fokus, så blir det utruleg moro, nikkar mannen frå Molde.

Han beskriv jazzcampen som ein stor del av ungdomstida, og fortel om minneverdige utekonsertar.

Di Derre hadde vel ein av deira første konsertar på jazzcampen.

Lyche hugsar også tilbake til store overskot.

– Det var overskot kvart år. Nokre år blei det 100.000 kroner i overskot, nokre gonger 50.000.

(Saka held fram under bildet)

Jazzcampen i Molde

IKKJE FULLT SÅ LIVLEG: Det var nok kjekt på festivalcamp i 2011 òg, men det var ikkje like livleg og fullt som i glansåra.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Eit litt anna publikum

Festivalsjef Otnæs hugsar tilbake då festivalcampen var einaste alternativ for den yngre garden, han sjølv inkludert. I dag kan folk ta seg råda til både hotell og anna.

– Det har blitt mindre og mindre oppslutning rundt campen. No i dei siste åra har ikkje så veldig mange budd der, og for funksjonærane har vi funne ein annan stad å bu.

– Fortel det at publikum i dag er noko anna er på Jazzfestivalen for nokre tiår sidan?

– Ja, festivalar endrar karakter. Då eg var her på 70-talet var det få nasjonale festivalar, og folk frå heile landet kom hit. Folk kjem framleis frå heile landet, men no er det eit litt anna publikum.

– Vi ser også at ein del andre festivalar ikkje har så stor oppslutning om sine campar. Så det er ein del av tida, seier Otnæs.

(Saka held fram under bildet)

Jazzcamp skilt

CAMP IGJEN I 2013?: Festivalsjef Otnæs fortel at det kan bli jazzcamp i framtida. Då kan dette skiltet, som i 2011, møte festivalgåarar på ny.

Foto: Arkiv / NRK

Ikkje stopp for alltid?

Det er derimot ikkje nødvendigvis eit fullstendig stopp for jazzcampen.

– Vi tek ein pause i år, og så får vi sjå kva vi gjer til neste år. Er etterspørselen stor og folk saknar den og vil ha campen tilbake, så får vi sjå.

– Men dei siste åra har det vore såpass lite besøk at det har blitt ein stor utgiftspost for oss, slår Otnæs fast.

For Lyche, som var camparrangør i tiår, er det trist å tenkje på at jazzcampen kanskje no er ferdig for godt.

– Det kan hende den har utspelt si rolle. Eg har sett korleis det har minka med telt, år for år.

– Men for meg så er jazzcampen noko heilt spesielt. At den no forsvinn gjer at eg føler at ein stor og viktig del av Moldejazz si historie og Molde sin identitet forsvinn. Det er litt som då «Naustet Vårt» slutta, avsluttar Lyche.