Hopp til innhold

Januar-rekord for pingvinane

Pingvinane ved Atlanterhavsparken lokkar til seg mange skuelystne. I januar har dei gitt dobla besøkstal i høve til fjoråret.

Pingvinar i Atlanterhavsparken

Pingvinane i Atlanterhavsparken har vist seg å vere ein publikumssuksess fyrste månaden.

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Til vanleg kan me samanlikne heile januar månad med ein god dag i juli. Januar er den dårlegast besøkte månaden i året, fortel dagleg leiar i Atlanterhavsparken, Knut Maaseide.

Men pingvinane som kom til parken like før jul har ført til at besøket i fyrste månad i 2008 er dobla i høve til 2007.

- Til vanleg har vi totalt rundt 2500 besøkande denne månaden. No er vi oppe i 5000 fortel, Maaseide.

 

Knut Maaseide

- Pingvinane er einaste årsak til auken i besøkstala, seier dagleg leiar i Atlanterhavsparken, Knut Maaseide.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Ledd i strategien 

- Pingvinane er den einaste årsaka til dei høge besøkstala, seier Maaseide.

- Me har visst sidan me byrja planlegge dette at pingvinar er populære, og me har lenge fått førespurnad om kvifor me ikkje har hatt pingvinar i parken, seier han.

Han seier at dei nye attraksjonane er viktige for Atlanterhavsparken, for å greie å drive vidare. Pingvinane var dermed eit ledd i ein lenger strategi for parken.

Kan doble besøkstala om vinteren

Pingvin ved Atlanterhavsparken
Foto: Brede Røsjø / NRK

- Det er tidleg å seie i januar, når pingvinane har vore her ein månad, men me har tru på at dette vil gje Atlanterhavsparken eit løft, seier Maaseide optimistisk.

Om ikkje lenge kjem også fire pingvinar frå Valencia, noko som fører talet i Atlanterhavsparken opp i 9. Maaseide håper å kome opp i 12-15 pingvinar i løpet av året.

- Om vinteren har me god kapasitet, og kan gjerne tenke oss å doble besøkstalet, men i juli når me har 30.000 besøkande kan det bli ei vanskeleg målsetjing, avsluttar han.