Det er laurdag føremiddag, i Møre og Romsdal er det plussgrader, og dei snødekte Sunnmørsalpane ligg bada i sol.
I Vanylven er redaksjonssjefen i NRK Møre og Romsdal på skitur med familien. Janne Brit Aasen har hytte eit steinkast frå barndomsheimen.
Ho har gått på ski i dette området sidan ho var ei lita jente og er lommekjend i terrenget.
Men denne turen skal vise seg å verte dramatisk.
SNØBRU: Eit tynt lag med snø dekte den djupe sprekken.
Foto: Øystein Bjørkedal– Plutseleg hang eg opp ned etter skia
Frå hytta på Rota i Almklovdal set dei kurs mot fjellet Nipa.
Like før dei kjem fram til fjellet stoppar Aasen resten av familien. Ho veit at det brukar å vere ein snøskavl i nærleiken, så ho vil gå fyrst for å sjå kvar dei skal gå for å unngå skavlkanten. Lyset gjer det vanskeleg å sjå konturane i det flate terrenget.
– Eg gjekk nokre meter fram for å sjå, og på eit blunk hang eg opp ned i ein sprekk, seier Aasen. Ho tippar at sprekken var 10 meter djup.
Heldigvis hadde ho solide fjellski som kilte seg på tvers av sprekken.
Oppe på flata står familien og ikkje skjønar kvar ho vart av.
– Eg såg føre meg at heile turfølget skulle kome ramlande etter, så eg sette i å brøle at dei måtte stoppe, seier Aasen.
FAMILIETUR: Dette bildet knipsa Janne Brit Aasen like før ho fallet. Ho var på tur med mann, syster, tantebarn og son
Foto: Janne Brit Aasen / NRKSå sliten at ho skalv
Ho får kontakt med mannen Øystein, og får gitt beskjed om at ho ikkje slått seg alvorleg, men at dei må ringe etter hjelp.
Ho ser ikkje botnen i den djupe sprekken, der ho heng med hovudet først. Blodet pressar på og ho skjelv medan ho kjempar mot tyngdekrafta. Ho veit at det kan ta lang tid før naudetatane kjem.
Til slutt klarer ho ikkje å henge slik lenger. Ho må få snudd seg, så ho strekker seg opp og får løyst ut eine skia.
– Då hang eg etter ei ski. Det var dritskummelt.
PÅ TVERS: Skia kilte seg i sprekken.
Foto: Janne Brit Aasen / NRKLivredd for kollaps
Med ein fot laus klarer ho å spenne seg fast mellom veggane i sprekken. Etter mykje kav klarer ho å snu seg, og får løyst ut den andre skia.
Sakte men sikkert startar ho å klatre. Ho er livredd for at heile sprekken skal kollapse og kjempar for å kome seg fortast mogleg ut. Aasen kiler dei lause skia mellom breveggane i sprekka for å få feste til å dra seg opp.
Etter rundt 40 minutt kryp Janne Brit Aasen ut av den djupe sprekken. Då redningshelikopteret kjem er dramaet over.
NAUDETATANE PÅ PLASS: Helikopter og den alpine redningsgruppa blei kalla ut.
Foto: Janne-Brit Aasen / NRKTrur det er spenningssprekk
Vaktleiar ved snøskredvarslinga, Håvard Toft Larsen, seier at ut ifrå bileta ser dette ut til å vere ein spenningssprekk frå ein snøskavl. Når ein skavl blir stor nok eller sig langt nok, kan den knekke delvis av, slik at det dannar seg ein sprekk i knekkpunktet på skavlen.
– Dersom det viser seg at dette er ein spenningssprekk så har vedkomande vore heldig. Heile skavlen kunne ha falle ned, seier Larsen. Det beste ein kan gjere for å unngå dette er å halde god avstand til skavlar.
SPENNINGSSPREKK: Vaktleiar ved snøskredvarslinga, Håvard Toft Larsen, meiner at bileta kan tyde på at dette er ein spenningssprekk frå ein snøskavl.
Foto: Janne-Brit Aasen / NRKSkjelven etter hendinga
Tilbake på hytta er Janne Brit Aasen mørbanka, og framleis litt skjelven etter hendinga. Det einaste som gjekk tapt i sprekken var heldigvis ein vott.
– Det viser berre at ein må ta skikkeleg god sikkerheitsmargin rundt skavlar. Sjølv om terrenget er heilt flatt og ein er lommekjend, så kan det skje uhell. Det kan danne seg sprekker, og det kan vere heilt umogleg å sjå, seier Aasen.
No vert resten av helga roleg for tobarnsmora.
– No er det snart viltgryte, så trur eg vi droppar skitur i morgon, seier Aasen.