Hopp til innhold

Jan Ole reiser på ferie til det same hotellet for 17. året på rad

Ferien nærmar seg og mange er klare for nye eventyr. Men ikkje alle har det same behovet for å skifte ut ferieparadiset.

Jan Ole Vesterlid

Jan Ole er på jobb i Posten og gler seg til han nok ein gong skal besøke Sunrise Village Hotel på Kreta i september.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Eg veit kva eg kjem til og dei veit kven som kjem. Velkomsten er varm. Dei seier eg er favorittgjesten, fortel Jan Ole Vesterlid.

Då familien skulle på ferie i 2008, fekk dei anbefalt Hotel Sunrise Village Hotell på Kreta av det lokale reisebyrået i Ålesund.

Kvart år sidan har Jan Ole valt det same hotellet. I år blir det for 17. gang.

Sunrise Village Hotel på Kreta

Til dette hotellet reiser Jan Ole Vesterlid frå Ålesund år etter år.

Foto: Jan Ole Vesterlid

– Eg reiser 31. august. Same dag som ho Märtha giftar seg med han Durek i Geiranger, slår han fast.

Han som var hotelldirektør første gang Vesterlid reiste, er no blitt pensjonist, men sonen har tatt over og Jan Ole er som ein del av familien.

Jan Ole Vesterlid og hotellsjefen Alexandros Kolinos på Sunrise Village Hotel

Jan Ole Vesterlid og hotellsjefen Alexandros Kolinos på Sunrise Village Hotel.

Foto: Privat

– Eg har vore i både barnedåp og bryllaup hos dei som eig hotellet. Gresk bryllaup kjem eg til å huske lenge. Det var eit lite bryllaup med berre 400 gjester. I eit stort gresk bryllaup er det visst over 2000, fortel han.

– Repetisjon er det vanlege

Professor emeritus ved Universitetet i Bergen, Svein Larsen, meiner at det ikkje er noko oppsiktsvekkande i at Jan Ole Vesterlid gjer det same kvar ferie.

Det hadde vore meir oppsiktsvekkande om han gjorde noko heilt nytt, meiner han.

– Repetisjon, gjerne med ein tvist, er det vanlegaste. Ikkje at ein søker nye, framande eller ukjende reisemål.

Svein Larsen, professor ved Uib, står i trapp og ser opp mot fotograf.

Svein Larsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen.

Foto: Silje Katrine Robinson / Khrono

Psykologiprofessoren har forska på turistar, og der kjem det fram at folk har ein tendens til å tru om seg sjølv at dei søker nye og spennande reisemål, og nye og utfordrande opplevingar.

– Men det som viser seg å vere interessant for folk, er å oppleve noko kjent på ein ny måte. Eit nytt hotell i «Syden», eit nytt land i «Syden» eller ein ny cruisebåt for eksempel.

Svein Larsen meiner vi utan tvil kan slappe betre av på tur når vi reiser til noko kjent.

– Vi vil helst ikkje eksponere oss for veldig ukjende situasjonar. Rett og slett fordi det medfører usikkerheit og bekymringar.

Og psykologiprofessoren er sjølv eit godt eksempel på ein turist som oppsøker det kjende.

– Eg reiser til Tyskland. Der har eg funne eit hotell med flott utsikt over Rhinen, fortel han.

Kunne du gjort som Jan Ole og reist til samme hotellet år etter år?

22 år til same hotell i London

Jan Ole Vesterlid har ein palle igjen å levere på dagens postrute i Ørsta. Heile sommaren skal han jobbe, før turen igjen går til Hellas.

– Det er kjempefint å køyre post om sommaren, seier han.

Jan Ole Vesterlid

Jan Ole Vesterlid leverer dagens siste palle i Ørsta.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Men Vesterlid er veldig glad i å reise på ferie, og det er ikkje berre Kreta og hans andre familie der som står på planen.

– Kvart år rundt Black Friday reiser eg til London. Der har eg budd på det same hotellet, på rom nummer 16, 22 gonger. Det er så greitt når eg veit kvar eg skal gå og kvar alt er, fortel han.

– Men fristar det ikkje å oppleve noko nytt?

– Nei, det kan eg gjere når eg blir pensjonist. Når folk stiller meg dette spørsmålet bruker eg å svare at eg skal gjere noko anna når eg blir lei, smiler han.