NRK Meny

Jan Åge blir internasjonal rådgivar

Jan Åge Fjørtoft blir internasjonal rådgivar for landslagssjef Per-Mathias Høgmo og A-landslaget i fotball. Nettstaden fotball.no skriv at Fjørtoft har eit stort kontaktnett og kunnskap om internasjonal fotball. Han skal jobbe tett med landslagssjefen, og i fellesskap skal dei marknadsføre og utvikle landslaget.