Mannen er no på sjukehus i Ålesund, og er førebels ikkje avhøyrt av politiet.
Mannen som er i midten av 40-åra og busett i Ålesund, skal ha fått skadar i ansiktet, og har også fått eit knivstikk i ei skulder.
Politiet prøver no å finne ut kven og kvar gjerningsmennene er, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Magne Tjønnøy.