Hopp til innhold

Jaktar på jerv i Valldal

I Norddal jaktar dei framleis på ein jerv som skal ha tatt livet av fleire sauar i området.

Jerv i Dyreparken

Illustrasjonsfoto: I Valldal er saueeigarane uroa for at jerven skal ta fleire dyr.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Tidlegare denne veka vart det sett saman eit kommunalt fellingslag og sett i gang leiting etter ein jerv som skal ha tatt livet av minst fire sauar i nærleiken av Valldal.

– Jerven har vore observert fleire gongar, men vi har så langt ikkje fått tak i han, seier Karl Petter Stenvåg i Norddal/Eidsdal sau og geit til NRK.no seint laurdag ettermiddag.

Avgrensa fellingsløyve

Også tidlegare har jerven tatt store mengder sau her i fylket.

I Valldal har dei fått eit avgrensa skadefellingsløyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Løyvet gjeld for ein jerv i den delen av kommunen som ligg utanfor jerveområdet, seier han.

Fellingsløyvet vart gitt ettersom jerven er observert og har gjort skade i eit område utanfor verneområdet.

Bønder i Norddal har eit par tusen sauar ute i fjellet for tida, og den siste tida har eit vaktlag på nærare ti personar gått vakt frå morgon til kveld.

– Skadefellingsløyve gjeld til tysdag 28. august, og vi håpar å kunne løyse situasjonen innan då. Det optimale hadde vore om jerven forsvann, men vi vil gjere alt vi kan for å hindre at han tek fleire dyr, seier Stenvåg.

Han fryktar at det kan vere snakk om meir enn ein jerv som ferdast i området.

– Det er ting som tydar på at det kan vere to jervar i området. Det at dei ferdast i eit området som er eit prioritert beiteområde for bøndene her i Valldal, og utanfor det som tradisjonelt har vore jerveområde er urovekkande, seier Stenvåg.