Hopp til innhold

Jaktar på autografar

Sommarfesten er eit eldorado for dei som jaktar på autografar. For Anna Malene Giske og Sofie Charlotte Avseth var Maria Mena ein av dei populære artistane.

Anna Malene Giske og Sofie Charlotte Avseth sikra seg autografar.
Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Å få Maria Mena sin autograf var stort, seier Sofie Charlotte Avseth og viser fram underarma si.

Maria Mena sin autograf

Augografen til Maria Mena.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Saman med venninna Anna Malene Giske var dei aktive på autografjakta på sommarfesten på Giske på laurdag.

- Ja, det er utruleg moro at vi kjem så tett på kjente artistar, sa dei to jentene.

Maria Mena var ein av dei som måtte skrive mange autografar og enkelte fekk også sikra seg bilde av den kjente artisten.

Maria Mena måtte skrive mange autografar.

Maria Mena måtte skrive mange autografar.

Foto: Odd Kristian Dahle. / NRK