Hopp til innhold

I natt håper dei på månelys

Jaktlaget på Frøysa i Stranda prisar månelyset. I natt skal Pål André Helset ut med geværet og håper på gode forhold.

Hjortejakt i Stranda

Pål André Helset på veg ut i skogen.

Foto: privat

Jeger poserer med hjortehoder

Nils Kåre Frøysa med hjortehovud der gevira kan bli veggpryd.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

På Frøysa i Synnylven i Stranda har jaktlaget fellingsløyve på 30 dyr. Etter kvart som dyra blir felt, kjem dei inn i den nybygde slaktehallen. I dei lyse kjellarlokala er det høgt under taket, og ei kran heiser hjorten opp slik at slaktearbeidet skal vere lettare. Vidare vert dyra transportert inn i kjølerommet. Jaktlaget består av 13 grunneigarar. Hittil har dei felt 21 hjortar og no er jegerane ute på nattetid.

– Kalven som heng her vart skoten natta for to dagar sidan, og han skal mørnast i fem-seks dagar, fortel grunneigar Nils Kåre Frøysa.

Må jakte i lys
Hjort

Ein av hjortane som er skotne av jaktlaget denne sesongen.

Foto: Pål Andrè Helset

Det er berre lov å jakte når det er bra skytelys, og no når månen er stor, ser jegerane godt.

– Det er lyst og fint om natta, men det er ein fordel med litt skyer innimellom, slik at hjorten er rolegare. Når det er heilt stjerneklart er hjorten meir var, forklarar Nils Kåre Frøysa. Han har stor tru på at det vert gode jaktforhold i natt.

LES OGSÅ:

Gode forhold

Jeger parterer hjortekjøtt

Hjortekjøttet vert partert etter alle kunstens reglar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

For ein jeger er det perfekte jaktvêret stor måne, halvskya ver og vind i riktig retning. Det betyr at vinden ikkje skal blåse slik at dyra kjenner lukta av jegeren. Ein av dei som likar godt å jakte om natta er 19 år gamle Pål André Helset. Medan andre ungdomar gjerne er på fest laurdagskvelden, skal Helset ut i skogen.

– Det som er så fint når det er månelyst er at du kan jakte heile natta og skyte fleire dyr, seier Helset.

LES OGSÅ:

Har du fine jaktbilete? Send til mr@nrk.no

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL