Hopp til innhold

Jakta blodig mann etter innbrotsforsøk

Politiet leitte etter ein mann etter eit innbrotsforsøk i Ålesund. Søket er avslutta, men politiet har sikra blodspor – for tjuven skadde seg i forsøket.

Politi
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det er blodspor på staden etter at eit vindauge blei øydelagt, opplyste operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Borge Amdam, til NRK like før klokka 11.00.

Politiet fekk melding om eit innbrotsforsøk i Fjellgata i Ålesund klokka 10.30 søndag. Mannen som forsøkte kom seg derimot aldri inn og forlèt bustadområdet.

– Vi er ute og kikar no, sa Amdam.

Hadde blitt observert

Politiet søkte lenge i området, men fann aldri mannen.

– Nokre hadde observert han, men vi har berre ei vag skildring av ein mannsperson. Vi har avslutta leitinga no, opplyser Amdam klokka 12.30.

Sak er oppretta på skadeverk, samstundes som politiet har sikra blodspor.

– Så det kan vere vi får utslag der, seier operasjonsleiaren.