NRK Meny
Normal

Jakta på julegåvene

Det er framleis over to veker til julaftan, men jakta på julegåvene har for dei fleste byrja for lengst. Og den jakta er av mange grunnar ikkje spesielt enkel.

Åse Tunset

Åse Tunset veiva oppgitt ut i lufta då ho innsåg at alle sjakkbretta var utselt frå leikebutikken. – Det var jo utruleg irriterande. Når ein først er så heldig å ha ei gåve i tankane, så er det utselt. Typisk!

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

For å unngå nakne juletrefotar, mobiliserer folk det dei har igjen av krefter etter julebaksten og husvasken for å sikre dei siste julegåvene. Eller dei første, alt ettersom.

Men det nyttar som regel å vite kva julegåver ein skal kjøpe, og det er ikkje like lett for alle.

NRK Møre og Romsdal møter systrene Åse og Astrid Tunset på julegåvehandel på Amfi Moa i Ålesund. Åse, som er busett på Nordre Vartdal, tok turen til Ålesund for å treffe systera Astrid. Astrid på si side, er i Ålesund på besøk med sonen. Felles for begge er at dei har store vanskar med å finne den "perfekte" julegåva.

– Om eg i det heile tatt ser etter julegåver eit år, så må eg tenkje lenge og vel for å finne fram til noko eg kan kjøpe. Det endar som regel med at eg gir pengar i staden, seier Åse Tunset.

Systera nikkar bekreftande til det Åse seier, og legg til:

– Spesielt vanskeleg er det med ungdommane, for dei er det komplett umogleg å kjøpe noko til. Den einaste gåva eg veit eg skal kjøpe, er ein drill til sonen min, seier Astrid Tunset lattermildt.

Kvifor så "enkelt" som pengar?

– Eg har ikkje fantasi lenger for å vere heilt ærleg. Dei unge har jo alt. Då er det best at dei får pengar som dei sjølve kan bestemme bruken av, seier Åse Tunset.

Sjakk matt

Suksessen til sjakk-verdsmeister Magnus Carlsen, har satt i sving det som nærmast kan karakteriserast som ei "sjakkbølgje" over det ganske land.

Åse Tunset sa ho nesten berre fekk i seg havregraut dei dagane meisterskapen blei heldt i Chennai i India, fordi ho følgde så nøye med.

(Saka held fram under).

Åse og Astrid Tunset

Astrid Tunset (t.h) var fyrst innom jernvarehandelen for å finne ein drill til sonen sin. Men både Astrid og systra Åse (t.v) har ikkje tenkt noko vidare over kva slags drill dei skal kjøpe. – Det hadde nok vore enklare å berre gitt han nokre pengar, så kunne han funne det han sjølv vil ha, seier Astrid.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Lidenskapen ho har for sjakksporten, har ho allereie for mange år sidan overført til born og barnebarn, og ei av døtrene hennar skal i år få ei heilt spesiell julegåve.

– Sjølv om eg er litt fantasilaus, så har eg ei julegåve som eg veit at eg skal kjøpe. Eit flott sjakkbrett, til dottera mi May Charlotte.

Vi blir med systrene Tunset på sjakkbrett-jakt. Ei jakt som tek oss til den einaste staden damene kan tenkje seg har eit slikt brett. Inne på leikebutikken går Åse og Astrid i gong med å leite. Raskt blir blikket retta mot hylla som bugnar av spanande brettspel.

Men det er berre eitt problem, i hylla er det nøyaktig null sjakkbrett å finne. Det siste blei selt berre ein halvtime før. Sjakkbrett får ikkje butikken inn igjen før over neste helg.

– Det var jo utruleg irriterande. Når ein først er så heldig å ha ei gåve i tankane, så er det utselt. Typisk, seier Åse Tunset.

– Kolossalt forbruk

Mellom hyllene på leikebutikken finn vi tobarnsmor Hege Breivik Farstad, som leitar etter den perfekte julegåva til ein spesiell person. Valet fell på ein sportsbil i miniatyr, som faren til Hege har ynskja seg lenge. For å unngå å bruke unødvendig mykje tid på å leite etter den perfekte julegåva til kvar enkelt, har Hege bedt om å få tilsendt ynskjelistene til familien og venar på mail.

– Det er eit system som fungerer bra for meg, og som gjer det mykje enklare å finne passande julegåver, seier Hege Breivik Farstad.

Hege Breivik Farstad

Hege Breivik Farstad har to sonar, ein på fem og ein på tolv. – Det er nesten like vanskeleg å finne gåve til yngstemann som til eldstemann. Han på fem år tek etter storebroren også på dette feltet, seier Hege lattermildt.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Hege, som er mor til to gutar, på fem og tolv år, grøssar når ho tenkjer over pengebruken fram mot julehøgtida.

– Eg synast forbuket i samband med julegåvehandelen har auka noko kolossalt. Mitt eige forbruk også, spesielt med tanke på at eg kanskje brukar 300-400 kroner per person eg kjøper til. Kva finn du i dag til under 200 kroner, som blir sett pris på? Desverre alt for lite, seier Hege oppgitt.

– Dessutan så har eg mange å tenkje på, så pengebingen blir nok bra skrapa etter årets handel.

Hege meiner kjøpehysteriet tek litt overhand.

– Eg tenkjer i grunnen mykje på dei som ikkje har det like godt som meg. Med det enorme presset om å kjøpe julegåver som "betyr" noko, og som gjerne kostar alt for mykje, så trur eg at mange familier slit i tida fram mot jula, seier Hege Breivik Farstad.

– Litt for vanskeleg

Sambuarane Renate Nøstdal og Ottar Hatlenes har fått i hus det aller meste av årets julegåver. Berre eit par gåver står att. Men å komme dit hen har kosta krefter, tid og tolmod.

– Det er nesten som det har blitt litt for vanskeleg å finne julegåvene folk vil ha. Det er jo nesten ingen som heilt veit kva dei ynskjer seg, seier Ottar og kikar over å sambuaren.

– Unntaket er sjølvsagt borna, dei er det enkelt å finne noko til. Det er berre å gi dei siste brosjyra frå leikebutikken, så er den saken biff, seier Renate.

Renate Nøstdal og Ottar Hatlenes

Sambuarane Renate Nøstdal og Ottar Hatlenes er så og seie ferdig med årets julegåve-jakt. Eit par har dei likevel igjen, og det er ikkje berre, berre!

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK