Hopp til innhold

Jaktar etter unik kvinnehistorie

Det blir leitt i gamle kommodeskuffer og arkivskap i jakta på gløymd kvinnehistorie. No skal innsats frå oldemors tid fram i lyset.

Arkivar Åsta Vadset ved -IKA- Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal.

Åsta Vadset seier adrenalinet stig i kroppen kvar gong ho opnar ei gamal bok full av notat om aktiviteten kvinner i sanitetslaga har stått for. – Det er ikkje lite!

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Sidan før jul har jakta etter den heilt spesielle historia til sanitetskvinnene gått føre seg. Og ho gir resultat. Gamle møtebøker, protokollar, dokument og fotografi, blir løfta fram frå historias mørker og plasserte i arkivhyllene. På kvar ei gulna papirside ligg spanande helse-historie løynd.

Eg kjenner at arkiv-adrenalinet stig for kvart ei møtebok vi får inn. Dette er ein verdfull, men lite kjent kulturskatt det er på høg tid å ta vare på, seier arkivar Åsta Vadset, og set endå ein arkivboks i den grå stålhylla.

Alle bøker og dokument er viktige bitar i historia om dugnadsinnsatsen til tusenvis av kvinner gjennom landets største kvinneorganisasjon, Norske Kvinners sanitetsforeining, NKS. Organisasjonen feirar 125 -års jubileum i år.

Distriktsjordmor Helga Nerem, Herøy på Sunnmøre.

Jordmor Helga Nerem susa rundt på motorsykkel og rodde i båt for å hjelpe fødande kvinner i Herøy på Sunnmøre. Ho jobba som jordmor i 46 år.

Foto: Utlånt av Elsa Nerem Petlund / Privat

Vadset er både arkivar og prosjektleiar ved IKA, det interkommunale arkivet for Møre og Romsdal. Saman med sanitetskvinnene i fylket har IKA, som dei første i sitt slag, fått pengar få det statlege Arkivverket for å samle inn historia til sanitetskvinnene i Møre og Romsdal.

Målet er å digitalisere alt til nyttår, og då kan folk flest, historikarar og forskarar fordjupe seg i denne fantastiske historia som kvinner står bak, seier Åsta Vadset.

Fødeavdelingar, folkebad og barnehagar

Dette er historia om iherdig, lokalt arbeid for å bygge opp helsetenester det offentlege etter kvart tok over. Det handlar om alt frå etablering av sjukepleiarutdanning, helsekontrollar for gravide, barnekontrollar, tannhelse og husmorvikarar til bygging av små lokalsjukehus, sanatorium for tuberkulosepasientar, fødeavdelingar, folkebad og barnehagar.

Barnekontroll i Trondheim i 1946 i regi av NKS.

Typisk barnekontroll i regi av NKS. Her har mødrer i Trondheim møtt opp med sjarmtrolla sine i november 1946.

Foto: Schrøder/Sverresborg Trøndelag Folkemuseum

– Til no er møtebøker, protokollar og dokument frå 65 sanitetslag berga, men vi trur over 100 lag kan ha vore i sving, seier fylkesleiar i NKS, Elinor Bolme.

Ho har nett henta inn to kasser med handskrivne, eldre møtebøker frå Aure kommune.

Ellinor Bolme, leiar i Norske Kvinners sanitetsforening i Møre og Romsdal

Store bunkar med materiell om lokale sanitetslag er samla inn og berga frå gløymsel etter at Elinor Bolme og andre har saumfare fylket i jakta på dokumentasjon. Her frå Foldfjorden i Aure.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Gliper i velferdssamfunnet

Anne Fugelsnes og Tonje Skarvøy Stene i Kristiansund er to av totalt 40. 000 medlemmer i landets største kvinneorganisasjon.

Anne Fugelsnes og Tonje Stene studerer gamle møtebøker frå sanitetslag på Nordmøre.

Anne Fugelsnes TV og Tonje Stene er fasinert av den over 100 år gamle arven dei fører vidare. Gamle møtebøker frå lokale sanitetslag på Nordmøre er interessant lesing.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei to yngre sanitetskvinnene er begeistra over at historia til laga i Møre og Romsdal blir samla inn.

– Kvinnene har lagt ned eit enormt arbeid gjennom tidene. Spesielt viktig er det store fokuset rundt helsa til kvinner og barn, seier dei to, som sjølve er småbarnsmødrer og engasjerte i Kristiansund Yngre sanitetsforeining.

Begge er enno litt overraska over at ei kvinneforeining skulle bli nøkkel til ein meiningsfylt fritidsaktivitet, vennskap og trivsel for dei.

– Mange tenkjer kanskje at kvinneforeiningar som sanitetskvinnene, er for den eldre garde, og at dei er for unge til å passe inn. Men slik er det ikkje, seier Anne og Tonje.

– Sjølv eit moderne velferdssamfunn har gliper som ikkje blir fanga opp. Der dekkjer frivillig innsats viktige behov den dag i dag, seier Anne.

Anne Fugelsnes

Anne Fugelsnes har rådgjevarstilling i Statens vegvesen og er mor til tvillingar. Ho er glad for å yte frivillig innsats overfor andre småbarnsmødrer som måtte trenge det.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Nettverk og vennskap

Tonje fekk augo opp for NKS då ho som nyutdanna statsvitar, flytta tilbake til heimbyen. Der hadde energiske sanitetskvinner drive foreining i mange, mange år.

Tonje Stene

25 år gamal var Tonje Stene var med og stifta Kristiansund Yngre sanitetsforeining.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Men eit foredrag om alt det spanande sanitetslaget for yngre kvinner i Levanger dreiv med, imponerte meg. Kort fortalt enda vi med å danne ei foreining for yngre kvinner etter same mønster, og har drive i snart ni år her i byen.

Lesestund for barn ved biblioteket i Kristiansund.

Sanitetslaget for unge kvinner i Kristiansund samarbeider med biblioteket om lesestunder for barn.

Foto: Kristiansund Yngres sanitetsforening

Anne Fugelsnes flytta til Nordmøre frå Austlandet, og leitte etter ein måte å bli kjent med nye menneske på. Ho oppdaga sanitetsforeining for yngre kvinner, og heiv seg med. Det blei ein døropnar til nettverk, venner og fellesskap.

– Vi vil bidra til eit betre samfunn for alle gjennom eit engasjement større enn oss sjølve, seier ho.

Foreininga i Kristiansund med 50 medlemmer er tilpassa moderne tider og hektisk familieliv med små barn og tenåringar. Temakveldar for foreldre, juleverkstadar og turar i skog og mark er berre nokre av aktivitetane.

Arven frå oldemor

Elinor Bolme er stolt over historie-prosjektet.

– Kvar hadde vi vore i dag utan sanitetskvinnene? Tenk at helsestasjonane først blei kommunalt ansvar i 1972, seier ho.

– Sanitetskvinnene har stått for ein offervilje utan sidestykke. Diverre har ikkje historia til desse samfunnsbyggarane blitt verdsett nok, meiner Marit Pauline Kvalsvik.

I boka «Kvinner selv stod opp og strede» har ho sjølv dokumentet den omfattande innsatsen til sanitetskvinner i Herøy på Sunnmøre.

Det var dit jordmora på motorsykkelen, Helga Nerem, kom etter ein periode på den vêrharde øya Bjørnsund yst på romsdalskysten.

– Jordmor-Helga tok imot 5000 barn, og gjorde ein fabelaktig innsats for gravide og fødande, ofte under svært krevjande naturforhold, seier Kvalsvik.

I Kristiansund er Anne og Tonje begeistra over at historia endeleg blir teken vare på og snart gjort tilgjengeleg for alle via internett.

Sanitetskvinner binder ris

Fastelavnsris er ein av signaturane til sanitetskvinner over heile landet. Her er Kristiansund Yngre sanitetsforeining i full sving med binding av ris.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Som regel er det den mannsdominerte historia det har blitt lagt vekt på. Så dette er veldig bra, meiner dei to.