Hopp til innhold

Høgtrykket som varer og varer

Aldri før har høgtrykket vore så sterkt i oktober. Fineveret tar ikkje slutt med det første, lovar statsmeteorologen.

Vike Montessoribarnehage

Barna ved Vike Montessoribarnehage likar seg godt i fjøra når det er fint ver.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Bente Wahl

Statsmeteorolog Bente Wahl lovar at fineveret skal halde seg.

Foto: MAGNE VELLE

Høgtrykket som breier seg over heile landet er rekordkraftig. Sola strålar frå skyfri himmel og gir god varme i Sør-Noreg. I Nord har høgtrykket tatt ei lita pause.

– Det har aldri vore eit så kraftig høgtrykk i oktober før, seier statsmeteorolog Bente Wahl.

Akkurat no ligg høgtrykkssenteret nord på Austlandet. Det flyttar seg lenger nordover om få dagar. Mot slutten av helga betyr det litt ruskevêr heilt sør i landet, men på Vestlandet og Trøndelag held fineveret fram. Også i nord kan dei nyte fineveret.

– For ein gong skuld ligg Møre og Romsdal midt i høgtrykket, og slepp unna det vêret som kjem lengst nord og lengst sør, seier Wahl.

Neste veke kryp høgtrykket nedover att i landet og det betyr at høgtrykket blir liggande plassert over Sør-Noreg resten av neste veke. Meteorolog Espen Biseth Gran seier at sjølv om det er langt fram til neste veke, kan det sjå ut som om Vestlandet og Midt-Noreg vert vervinnarar.

På tur i fjøra

På Vike i Vestnes er storbarnsgjengen frå Vike Montessoribarnehage på tur i fjøra. Sjølv om sola varmar godt, er det ikkje bading på programmet. Barna leitar etter krabber og fine skjel. Dei kastar steinar i sjøen og kosar seg i fineveret. Også dei vaksne har det topp.

– Dette er ein draumedag på jobb. No er det meldt sol i lange baner, så dette lovar godt. Vi skal vere ute kvar einaste dag, seier Unn Marit Hovde Strønstad. Ho merkar at humøret stig hos barna, når dei slepp å ha på så mykje klede og bli våte av regn.

Pokemonjakt i sola

Petter Buseth på pokemonjakt

Vêret er perfekt for Pokemonjakt, meiner Petter Buseth (8). Han er saman storebror Gustav og morfar Gunnar Aspøy.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I Ålesund veit morfar Gunnar Aspøy å nyte fineveret.

– No må vi vere nøgde og nyte vêret så lenge det varer, seier Aspøy.

Han er ute på tur saman med barnebarna Petter og Gustav frå Oslo. Petter er meir oppteken av å samle pokémonar på mobilen enn å sjå på sola. Men han har fått med seg at det er usedvanleg bra haustvêr.

– Det er fint ver og mange går på tur, summerer opp 8-åringen.

Peiroska Kerek og Marit Hansen

Peiroska Kerek og Marit Hansen går betre helse av fineveret.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bra for gikta

Dei to eldre venninnene Peiroska Kerek og Marit Hansen er nesten yre av sola, der dei er på veg opp trappene til fjellstova. Med niste i sekken skal dei bruke den solfylte ettermiddagen til fjelltur.

– Vêret er heilt nydeleg og skjønt. Det er ikkje slik hausten plar vere, seier Hansen. Men ho og turvenninna har eit motto, og det er at dei skal ut på tur uansett ver. Dei må berre kle seg etter vêret. Det fine haustvêret påverkar ikkje berre humøret.

– Det er godt for helsa å vere ute. Kroppen er skapt for bevegelse, seier Kerek.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL