Hopp til innhold

Ja, du kan du bli avhengig av strikking

På Sunnmøre miste ei kvinne førarkortet fordi ho strikka bak rattet. – Det går an å bli avhengig av strikking, seier klinikksjef Kari Lossius.

Torill Rønes

Torill Rønes driv strikkebutikk i Ålesund og innrømmer at ho er avhengig av handarbeid.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er ikkje berre alkohol og rus ein kan bli avhengig av. Det meiner Kari Lossius, som er sjef ved Bergensklinikkene. Ho forklarar at hjernen sitt belønningssenter gjer at vi lett blir avhengige av det vi likar.

– Vi er laga for avhengigheit og alle er disponerte for det. Vi kan bli avhengige av alt frå rus, til spel, trening og også strikking. Det kan vere kva som helst aktivitet som er med og stimulerer dette området i hjernen, seier Lossius.

Kari Lossius

Kari Lossius er sjef for Bergensklinikkene. Ho seier at menneske er laga for avhengigheit.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho meiner det er viktig å skilje mellom kva som er ein problematisk og alvorleg avhengigheit og ikkje.

– Strikkeavhengigheit vil aldri bli definert som alvorleg, seier Lossius. Ho trur at det å sjå strikkearbeidet vekse og gleda av å snart ha eit ferdig resultat i hendene, får strikkarane til å bli ivrige.

Lossius vil ikkje spekulere om episoden på Sunnmøre skuldast at kvinna ikkje klarte å legge frå seg strikketyet eller om ho likar å oppsøkje spaning.

LES OGSÅ:

Begge hendene på rattet

Solveig Nilsen

Solveig Nilsen er ein ivrig strikkar, men er alltid passasjer dersom ho strikkar i bilen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I den nye strikkebutikken Spøteriet i Ålesund har kundane som kjem innom fått med seg snakkisen om kvinna som strikka medan ho køyrde bil.

Solveig Nilsen strikkar ofte i bilen, men då er ho passasjer medan ektemannen har begge hendene stødig på rattet. No treng ho eit nytt strikkearbeid og er på jakt etter oppskrift på ein sommartopp til seg sjølv.

– Å sjå på tv medan eg strikkar kan eg gjere, men ikkje køyre bil, ler Nilsen. Ho har strikka sidan ho var lita jente.

Dei siste åra har vore det vore ei strikkebølge i landet, der også unge har byrja med handarbeidet. Salet av strikkegarn har auka og over alt dukkar det opp strikkekafear.

Gretten utan strikking

Torill Rønes er dagleg leiar ved Spøteriet og kvar dag etter stengetid gler ho seg til å kome heim for å strikke. For henne er strikkinga ei avkopling. Hendene går av seg sjølv medan ho kan tenke på andre ting.

Ho trur det er lett å bli avhengig av strikking og seier det handlar om å bli ferdig slik at ein får prøvd på seg den nye genseren.

– Det er kjempespanande med nytt garn og nytt mønster. Det er lett å krype inn i ei boble, seier Rønes.

Sjølv har ho heile sju strikkeprosjekt på gang samstundes.

– Dersom eg ikkje får strikka ein dag blir eg gretten, seier Rønes. Også ho strikkar i bil medan ho er passasjer, men dette var første gang ho høyrde om ein strikkande sjåfør.