Hopp til innhold

Seier ja til utviding av Vestbase

Plan- og bygningsrådet i Kristiansund går inn for at Vestbase får utvide området med 35 dekar. Naboane får støyreduksjon etter klokka 21 som plaster på såret.

Utvidinga av Vestbase

Den raude flata indikerer det nye landarealet for utvidinga av Vestbase.

Foto: Fotomontasje/Kristiansund kommune

Naboer til Vestbase

Fleire av bebuarane i Vikan på Nordlandet følgjer med på møtet. Dei er naboar til Vestbase. Jan Ole Eilertsen i Vikan velforeining sit som nummer to frå høgre.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Forslaget vart vedteke mot tre stemmer, og det blei også vedteke eit einstemmig vedtak om støyreduksjon.

– Det er ikkje overraskande at det vart vedteke, men det er heldigvis god motstand mot planane, seier leiar Jan Ole Eilertsen som er leiar i Vikan velforeining.

Støyreduksjon

Det vart plaster på såret med støyreduksjon etter klokka 21 om kvelden. Men Eilertsen skulle gjerne sett at løysinga var meir omfattande.

– Vi vil jo ha mest mogleg støyreduksjon. Dei snakka heile tida om at det skal vere eit lagringslokale, men i papira står det at det skal vere eit lager og eit område for prosjektrelatert arbeid, seier Eilertsen.

Det er den prosjektrelaterte delen dei no prøver å få avgrensa til dagtid.

– Det er sjølvsagt ein fordel. Det er også positivt at vi kan få eit forum for dialog for Vestbase, avsluttar han.

Fornøgd

Terje Kvisvik

Eigedomssjefen på Vestbase, Terje Kvisvik, deltok på møtet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Eigedomssjefen på Vestbase, Terje Kvisvik, er fornøgd med vedtaket sjølv om det inneber redusert aktivitet.

– Ja, vi er sjølvsagt fornøgd med at vi får setje i gang med tiltaket. Det er viktig for oss og for byen å få ein forbetra dialog med naboane. Det kan vere veldig bra for begge partar, seier han.

Utvidar på Husøya

Plan- og bygningsrådet i Kristiansund går også inn for utviding av industriområdet Husøya. Det er tretten bustadar ved vegen til området og bebuarane ønsker at vegen til industriområdet blir flytta. Men det meiner utvalet vert for dyrt.

Grunneigar Øyvind Elgenes er frustrert over avgjersla.

– Dei har no bestemt seg for å byggje ut den eksisterande vegen endå meir, seier han oppgitt.

– Vegen har belasta oss i 20 år med trafikk døgnet rundt, så vi håpte sjølvsagt at dei ville byggje ein anna veg i staden for å utvide. Vi føler oss lettare overkøyrt, legg han til.