Hopp til innhold

Ja til storhall i Spjelkavik

Måndag blei det tatt eit nytt steg på vegen mot storhall i Spjelkavik. Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal gjekk i dag inn for å støtte bygginga av ein ny hall.

Spjelkavik idrettslag ny storhall

STORHALL: Teikningane viser korleis den planlagde storhallen til Spjelkavik IL vil sjå ut.

Foto: Spjelkavik idrettslag

Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal bestemte måndag at dei ville opprette eit aksjeselskap saman med Spjelkavik idrettslag og andre samarbeidspartnarar for å bygge og drifte ein storhall i Spjelkavik.

I tillegg vart det tilrådd at idrettsfag blir flytta til Spjelkavik vidaregåande. Det er Waagan Holding, Daaeskogen eigedom, Moa revisjon, Stokke, Sparebanken Møre, Rolls-Royce og Christie & Opsahl som har lova støtte til prosjektet.

Hallen vil bli på rundt 6.000 kvadratmeter og skal i tillegg innehalde næringsareal.

Nådde ikkje fram

Nye forsøk på omkamp om storhall i Spjelkavik nådde altså ikkje fram under møtet i Utdanningsutvalet. Sunnmørslista og Kristeleg Folkeparti prøvde igjen å få med seg dei andre på å legge idrettsutdanninga til Fagerlia, og samtidig seie nei til å gi støtte til ein storhall i Spjelkavik.

Hans Kjetil Knutsen

Hans Kjetil Knutsen fra Sunnmørslista ønsket idrettsfag til Fagerlia og er skeptisk til økonomien i storhallen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Hans Kjetil Knutsen frå Sunnmørslista røysta mot at fylkeskommune skal vere med på bygging og drift av ein storhall til 115 millionar kroner. Han meiner at det økonomiske fundamentet for planen rett og slett er for svakt.

– Det er klart det er ei gladsak for idretten i Ålesundsregionen, men eg er ikkje så sikker på at økonomisjefen i fylkeskommunen er så glad, seier Knutsen.

Klart «ja»

Spjelkavik IL har lenge jobba for storhallen og den nye hallen vil innehalde tre handballbaner i full størrelse og ni minibaner for dei aller minste.

Eva Vinje Aurdal

KLART JA: Eva Vinje Aurdal var nøgd med vedtaket.

Foto: Trond Vestre / NRK

Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet høyrde til det klare fleirtalet som ville ha idrettsutdanninga i Spjelkavik. Ho sa eit klart «ja» til at Fylkeskommunen skal vere med i eit aksjeselskap, og dermed bidra til bygging og drift av den nye storhallen. Ho var nøgd med det nye vedtaket.

– Eg meiner det er grunn til å flagge både i Spjelkavik, Ålesundsregionen og i heile Møre og Romsdal, seier Aurdal.

Ho meiner Spjelkavik Idrettslag har gjort eit viktig og godt arbeid.

–Dei har klart å få sponsorar, i tillegg har dei fått med næringslivet på eit spleiselag som kan få stor betydning og gi mykje idrettsglede i heile vårt område, seier Aurdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL