Vedtaket inneber at det er slutt på ølmonopol i Sykkylven.
Ordførar Jan Kåre Aurdal frå KrF var på førehand klar over kva veg det bar og innser no at det gjekk slik han frykta.
Kulturen kan tape
Kulturen i Sykkylven har hatt økonomiske fordelar av ølmonopolet.
Jan Kåre Aurdal, ordførar i Sykkylven.
300.000 kroner er blitt overført til kulturformål årleg, men i vedtaket som blei gjort i går ligg det ingen føringar på at kulturen skal ha nokon del av gevinsten fra salet i butikkane.
Aurdal håpar likevel at dei skal finne fram til ei ordning slik at kulturen ikkje skal sitje tomhendt igjen.