Han kan knapt kallast tørr bak øyra, men Ivar Trengereid frå Sula håper å kunne skape seg eit namn som kunstmålar.
Måndag fekk han besøkje den kjende bildekunstnaren Ørnulf Opdahl i atelieret hans på Godøya i Giske, og det blei ein lærerik dag.
– Det var veldig kjekt og lærerikt. Han viste meg og fortalde korleis han jobbar og bygg opp bilda sine, seier Trengereid.
– Kva trur du skal til for å ha suksess?
– Sikkert mykje arbeid og tolmod, seier 18-åringen.
Ivar Trengereid fekk vise fram to av bilda sine til Ørnulf Opdahl måndag, og fekk fleire gode råd.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKBegynte å måle då han var 13
Allereie då han var 13 år gamal leitte Trengereid fram målarsakene, og dei har han ikkje lagt frå seg. Parallelt med målinga går han 3. året allmenn på Spjelkavik vidaregåande skole, og endå har han ikkje bestemt seg for om kan vil eller kan leve av målinga.
Ørnulf Opdahl seier det ligg hardt arbeid bak å ha suksess som målar.
– Dersom du skal gjennomføre eit kunstnarskap skal det mange eigenskapar til. Du skal vere ganske oppegåande. Denne mytiske, fjerne kunstnartypen, trur ikkje eg stemmer med røynda, seier han, og legg til:
– I dag er jo moderne kunstnarar businessforetakande, i USA har dei jo store konsern. Vi driv jo litt mindre då, ler Opdahl.
Ørnulf Opdahl i full konsentasjon i atelieret hans på Godøya i Giske.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKFår skryt frå veteranen
Ivar Trengereid vann tidlegare i år ein pris for spesielt talentfulle, unge kunstnarar, og ein del av premien var å møte nettopp Opdahl.
18-åringen hadde med seg to bilde til kunstnarmøtet, og ved første augekast er det ikkje ulikt dei motiva som Opdahl sjølv er kjend for: store, lysande fjell og mørke himlar og hav. Og han får skryt frå læremeisteren.
– Han er veldig talentfull, og eg høyrer jo når eg snakkar med han at han har ei meir enn vanleg interesse for det han driv med, slår Opdahl fast.
Vil ikkje kopiere Opdahl
18-åringen seier han har studert mange av bilda til Opdahl, og at han er eit forbilde. Likevel vil han for all del unngå å kopiere læremeisteren.
– Eg kan ikkje seie at eg jobbar etter den kunsten, men eg brukar jo han som ei inspirasjonskjelde når eg prøvar å lage mitt eige uttrykk, seier han.
Det sluttar Opdahl seg til:
– No seier du noko heilt vesentleg, det handlar om å finne si eiga stemme, men du må bli kjempeinspirert av det andre gjer.