NRK Meny
Normal

Her syklar italienske arbeidarar på kraftlinjer

Italienske spesiallister gjer akrobatisk arbeid på den nye kraftlinja mellom Ørskog og Sogndal.

Italienske spesialister gjer akrobatisk arbeid på den nye kraftlina mellom Ørskog og Sogndal. Mellom dei høge mastene blir stadig fleire spenn kopla saman og kontrollert av folk utan høgdeskrekk.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing.

Mellom dei høge mastene blir stadig fleire spenn kopla saman og kontrollert av folk utan høgdeskrekk. Arbeidsplassen er luftig, og oppgåvene kan ikkje gjerast av kven som helst når den nye kraftlinja mellom Ørskog og Fardal skal monterast.

– Heilt normalt

sykle på kraftlinje ørskog

For italienaren Nello Magnoni er dette ein heilt normal arbeidsdag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kraftlinja heng 40 til 50 meter over bakken, og der syklar spesialistane fram og tilbake dagen lang.

– Dette er heilt normalt for oss, seier Nello Magnoni som har arbeidd slik i mange år.

Leidningane blir kopla saman av dei syklande spesialistane slik at vinden ikkje slår dei mot kvarandre. Det italienske selskapet som gjer jobben har lange tradisjonar og blir brukt over heile verda til slike oppdrag. Men det er ikkje kvar gong arbeidarane får slike flotte arbeidsforhold.

– Denne store linja er fantastisk, seier Magnoni.

Arbeidarane er sikra med både krokar og liner. Risikoen er stor viss noko går gale.