NRK Meny

Island Offshore slit framleis

Reiarlaget Island Offshore i Ulstein er ikkje i mål med refinansieringa og oppfyller ikkje lånevilkåra, men obligasjonseigarane vil vente, melder nett.no ( krev innlogging). I eit brev til obligasjonseigarane skriv Nordic Trustee, som forvaltar obligasjonseigarane sine interesser, at dei ikkje vil erklære obligasjonslåna på tilsaman cirka 720 millionar kroner for misleghaldne, sjølv om Island Offshore ikkje oppfyller lånevilkåra.