Hopp til innhold

Selfangar og industrimann i Hareid får statue

Han er mest kjend som selfangar, men tok også med seg eit anna verdifullt råstoff frå Svalbard for 100 år sidan. No blir Peter S. Brandal heidra med ein statue.

Ein statue av Peter S.Brandal vert avduka laurdag 3.sept ved Ishavsmuseet.

Jens-Peder Brandal (t.v) ser fram til å sjå statuen av bestefar sin, Peter S.Brandal. Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet seier dei lenge har hatt lyst til å heidre Peter S. Foto/redigering: Arne Flatin

Det er no 100 år sidan Brandal returnerte til heimbygda med skutene Signalhorn og Polaris med 300 tonn kol frå Svalbard.

Under 1. verdskrigen var det eit stort behov for kol, som var den viktigaste energikjelda på denne tida.

Avduking 100 år etter

Ishavsmuseet, Aarvak, på Brandal i Hareid kommune heidrar selfangstpioneren og industrimannen Peter S.Brandal med ein statue. Avdukinga skjer laurdag 3.september.

I august 1916 var Peter S.Brandal i Kongsfjorden på Svalbard der han gjorde krav på landområde. Etter kvart kjøpte han rettane til eit kolfelt i området for 250 000 kroner. Det var ein stor sum på den tida. Namnet på staden vart Brandal City, men seinare då pengesterke kjøpmenn frå Ålesund kom inn i bildet vart staden døypt om til Ny Ålesund.

Dagleg leiar for Ishavsmuseet, Webjørn Landmark, seier at Longyearbyen er mest kjend på Svalbard. Longyear kalla opp byen der etter seg sjølv, og då kunne heller ikkje Peter S. Brandal vere dårlegare på det, og dermed vart det Brandal City.

Mest kjend for selfangst

I følgje Landmark er det likevel selfangst Peter S.Brandal er mest kjend for. Alt i 1898 prøvde han seg på selfangst.

Peter S. Brandal var pioneren som utvikla den moderne selfangsten vidare, og er kjend for sin grunnleggane og nyskapande innsats for ishavsnæringa, fortel Landmark.

Jens-Peder Brandal er barnebarn til Peter S.Brandal. Han møtte aldri bestefar sin, men

Jens-Peder Brandal ved statuen av bestefaren

Jens-Peder Brandal ved statuen av bestefaren.

Foto: Arne Flatin / NRK

historiene om han er fortalt vidare. Jens-Peder synest det er på sin plass at bestefaren vert heidra for innsatsen han gjorde i si tid.

Brukte pels av både ulv, sau og hund

På Ishavsmuseet er det laga til ei eiga lita utstilling i høve avdukinga. Blant anna er pelsen som Peter S. Brandal brukte stilt ut. Truleg var det både saueskinn, ulveskinn og hundeskinn i den pelsen, fortel Webjørn Landmark med eit smil.

Under avdukinga laurdag 3.september vert det servert klippfisk og selkjøt, i form av bacalao og selkjøtgryte.

Det er Svein Harberg, leiar i Stortingets familie- og kulturkomite, som skal avduke statuen laurdag ettermiddag. Med i programmet er også Ulstein mannskor, Hjørungavåg Brass og ordførar Anders Riise.