Isbrytar i skipsnaud

Ein russisk isbrytar har meldt Mayday vest av Ålesund. Båten har fått maskinstans og det er 33 personar om bord. Det er full storm i området. Redningshelikopteret har vore over skipet og slepebåtar er på veg, opplyser Hovedredningssentralen.