Hopp til innhold

Irriterte passasjerar

Mange passasjerar på Vigra klagar over dårleg informasjon i samband med at flyplassen er stengd. – Særleg familiar med små barn har det vanskeleg. Her er ikkje mat og her er ikkje toalett tilgjengeleg, seier passasjer Synnøve Lode Knutsen. Ho og Alf Tore Leine, Johnny Søvik og Hans Viggo Sæbø (bildet) er særleg oppgitt over SAS for manglande informasjon. – KLM har stilt opp for passasjerane sine, men ikkje SAS, seier dei. Fleire passasjerar har reist inn til Ålesund. Andre får opphalde seg i bussar på området.

Passasjerar Vigra
Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL