Prøver å spare
Det kostar dyrt for ei stor verksemd som Ålesund kommune å stå oppført i telefonkatalogen. Vel 150.000 kroner blir brukt kvart år på oppføringane som fyller nesten to sider i katalogen.
Tvergrov seier dei har knipe sakte men sikkert inn på oppføringane år for år. Ho nemner spesielt telefaks-nummera som er systematisk fjerna nesten alle stader for å spare pengar.
Eli Anne Tvergrov har gått grundig gjennom telefonkatalogen. (Foto: Pål Bakke, NRK)
Seks siders klagebrev
Eli Anne Tvergrov har sendt eit seks sider langt klagebrev til firmaet Findexa AS som står bak Telenor sin offisielle telefonkatalog. I brevet viser ho til fleire tital døme på oppføringar som ikkje er bestilt og ekstrarekningar som ho meiner dei ikkje var gjort merksame på på førehand.
– Få alt skriftleg!
Tvergrov oppmodar alle som blir kontakta av ein katalogleverandør om å få alt skriftleg med prisar.
– Sky gule sider berre for å stå der, eller rosa sider eller kvite sider dersom du ikkje er bombesikker på kva du held på med, seier Tvergrov.
Berre eitt nummer?
Ålesund kommune har nesten to sider i telefonkatalogen (Foto: NRK)
Dei høge kostnadene kan gjere slutt på dyre oppføringar av alle dei komunale verksemdene i Telefonkatalogen. Kommunen vurderer no å berre ha eitt nummer som publikum skal forhalde seg til.
– For meg som skal bruke pengar på dette hadde det vore veldig fristande å berre ha eitt telefonnummer i Telefonkatalogen på Ålesund kommune, seier informasjonssjef Eli Anne Tvergrov.
Lovar å sjå på saka
Selskapet Findexa som står bak Telenors telefonkatalog lovar å sjå nærare på rekninga dei har sendt til Ålesund kommune.
Informasjonssjef i Findexa, Gro Ismar, stadfestar at dei har motteke ein klage frå kommunen og seier saka har høg prioritet.